Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi (vikariat, 60 % stilling)
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi (vikariat, 60 % stilling)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. november
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi (vikariat, 60 % stilling)
Ved Kjemisk institutt er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi i 60 % stilling frå 1. februar 2026 til 31. juli 2027, med moglegheit for forlenging.
Ved Kjemisk institutt er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis i 60 % stilling knytt til undervisning og forsking innan organisk analytisk kjemi, med særleg fokus på naturstoffkjemi. Den som blir tilsett, vil inngå i Jordheim si forskingsgruppe og få ansvar for undervisning, rettleiing og laboratoriedrift, og dessutan bidra aktivt i forskingsprosjekt og fagleg formidling. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat med relevant doktorgrad og god erfaring frå undervisning, rettleiing og laboratoriearbeid.
Om instituttet
Forskinga ved Kjemisk institutt (KI) er fokusert innanfor to strategiske tematiske område: (i) Berekraftig energi og kjemisk produksjon, og (ii) Molekylær livsvitskap, følgt av grunnforsking innan dei viktigaste kjemiske subdisiplinane. Instituttet har óg marin aktivitet gjennom forskinga på kjemiske aspekt ved marine bioressursar. KI reknar innovasjon som ein primær aktivitet for å skapa meirverdi frå forsking til nytte for samfunnet og fremja av vitskap.
Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå innan kjemi og medisinsk teknologi. Kjemisk institutt er og partnarinstitutt for utdanning i farmasi, energi og lektor forutan å ha eit ansvar for den grunnleggjande kjemiundervisninga på tvers av studieprogramma på fakultetet. Bachelorprogrammet i kjemi har EuroBachelor-godkjenning, og instituttet tilbyr ein europeisk Joint master degree i analytisk kjemi.
Kjemisk institutt arbeider systematisk for å ha ein tenleg forskingsinfrastruktur og har nyleg tatt i bruk moderne og attraktive forskingslaboratorium for energirelatert forsking og medisinalkjemi. Vidare har instituttet eit velutrusta NMR-senter som inngår som node i den nasjonale NMR-plattforma (NNP) og Kjemisk institutt har også tatt ein nasjonal leiarskap gjennom det UiB-finansierte Laboratorium for automatisert kjemi.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
- Emneansvarleg for KJEM235 – Strukturoppklaring av organiske molekyler (10 studiepoeng): Ansvar for undervisning, fagleg innhald og vurdering.
- Rettleiing av studentar: Oppfølging og fagleg rettleiing av bachelor-, master- og Ph.d.-studentar knytt til Jordheim si forskingsgruppe.
- Laboratorieansvar: Tilsyn med dagleg drift av laboratoriet, inkludert innkjøp av utstyr og kjemikaliar, og dessutan å ivareta HMS-rutinar.
- Delta i forskingsprosjekt: Bidrag til forskingsaktivitetane i Jordheim si forskingsgruppe gjennom rettleiing, analysearbeid, rapportering, formidling og publisering.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan organisk analytisk kjemi (naturstoffkjemi).
- Erfaring innan rettleiing av bachelor- og masterstudentar er eit krav.
- Søkjarar må ha undervisningserfaring.
- Erfaring frå skriving av vitskaplege tekstar er eit krav.
- Betydeleg erfaring med kjemisk analysearbeid i laboratoriet er eit krav.
- Erfaring innan marin naturstoff kjemi er en fordel.
- Erfaring med utvikling av undervisningsmateriell er ein fordel.
- Erfaring frå arbeid i vitskaplege prosjekt utover doktorgraden er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Søkjarar må ha gode norskkunnskapar og kunne undervise på norsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 757 600,- til kr. 830 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Magne Olav Sydnes, magne.sydnes@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thea Thingnes, epost: thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
060fbd86-505d-457b-ab3d-a4fa56f40e5c
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266852
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
INSTRUKTØRTANNLEGE (fast og vikariat
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen