INSTRUKTØRTANNLEGE (fast og vikariat)
Universitetet i Bergen
Årstadveien 19, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
INSTRUKTØRTANNLEGE (fast og vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. oktober
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstruktørtannlege åpen (fast og vikariat)
Ved Det medisinske fakultetet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig:
- Ei vikariat stilling (40 %) som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida ved Seksjon for kariologi
- Ei fast stilling (20 %) som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida i Spesialistutdanningsklinikken
- To vikariat (20 %) som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida ved Oral diagnostikk, Seksjon for kjeve- og ansiktsradiologi, med oppstart 01.01.2026
Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer, og kva arbeidsdagar som er aktuelle.
Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a)
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
- minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege
- undervisningserfaring er eit ønskje
- det er ein føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk
For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen.
Særlege krav knytt til den einskilde seksjon/eining
Seksjon for kariologi:Faget kariologi legg vekt på førebyggjande tiltak og behandling i ulike grupper av befolkninga. Seksjonen underviser i prekliniske emne frå 2. studieår, og frå 3.–5. studieår i tannlegeutdanninga og kvalifiseringsprogrammet for tannlegar utdanna utanfor EU. Søkjar må ha gode samarbeidsevner, solide kliniske ferdigheiter innan kariologi, og særleg interesse for undervisning og pedagogikk, samt vidare utvikling av faget – både innan profylakse og reparasjon. Høgare stillingsprosent er ein føremon.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av studentar og kandidatar. Det inneber rettleiing og vurdering av studentar i både prekliniske og kliniske kurs, samt behandling av pasientar ved institusjonen i samband med undervisning. Den tilsette skal også bidra til utvikling av instituttet gjennom deltaking i prosjekt, utval og faglege fora. Arbeidsstaden er for tida ved Seksjon for kariologi, men den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Ved vurdering av søkjarar vert det lagt størst vekt på fagleg aktivitet knytt til undervisning. Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato, og minimum to års erfaring frå allmenn praksis er eit krav. Det vert lagt vekt på evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel, samt ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Eininga prioriterer søkjarar som ønskjer ei stilling på 40 % vikariat.
Oral Diagnostikk:Interesse for pasienten som heilheit og korleis klinisk undersøking samstundes kan vere undervisning. Gjerne spesialist eller spesialtannlege. Pedagogisk erfaring og kompetanse er ønskjeleg. Motivert for å jobbe hjå oss og med studentundervisning, diagnostikk og behandlingsplanlegging. God kommunikasjon med pasientar og kolleger.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege. Undervisningserfaring er eit ønskje. Det er ein føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter. Søker bør ha spesiell interesse for diagnostikk og behandlingsplanlegging. Det er en fordel med interesse for røntgendiagnostikk. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Det er ledige to vikariat i 20 % ved eininga.
Spesialisutdanningsklinikken:Spesialistutdanningsklinikken ved Institutt for klinisk odontologi har som oppgåve å drive undervisning, forsking og formidling innan fagområda oral protetikk, periodonti og endodonti. Undervisninga omfattar teoretisk, praktisk og klinisk opplæring av spesialistkandidatar.
Arbeidsoppgåver
Implantatkontrollar, akuttbehandling innan protetikk/mellombelse protesar, akutte pasientar innan endodonti/periodonti, undersøkingar/screening av pasientar.
Kvalifikasjonar/eigenskapar
Det er eit krav at ho har lang og brei erfaring innan allmennodontologi. Dette er særleg viktig fordi pasientane våre ofte er kompliserte kasus med tverrfaglege problemstillingar. Enheten prioriterer søkjarar som ønskjer stillingsstørrelse 20%
Vi tilbyr:
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- løn for tida kr 700 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 730 000 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- kva stillingsbrøk du ønskjer, og kva dagar du kan arbeide
- oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
- Generell informasjon:
- Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: klinikkleder Neshe Lie neshe.lie@uib.no, tlf 55586630
Generell informasjon:
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikkOdontologisk universitetsklinikk ved Universitetet i Bergen følgjer Faglege anbefalingar for smittevern i klinisk odontologisk praksis. Desse er utarbeidde i samarbeid mellom universiteta i Oslo, Tromsø og Bergen, Kompetansesenteret for dekontaminering ved OUS, Den norske tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.
- Tilsette skal bruke arbeidstøy ved arbeid i Ferdigheitsenteret og i klinikkane.
- Arbeidstøyet består av klinikkbukse og kortarma kittel, for å sikre god handhygiene. Religiøse hovudplagg som vert brukte i klinikken vert rekna som arbeidstøy, og følgjer dei same reglane.
- Alt arbeidstøy er eigd av Odontologisk universitetsklinikk, og vert lånt ut til tilsette.
Du finn meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk universitetsklinikk, UiB, her: https://bit.ly/3xEgTqx
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3e039dd6-1db2-4e21-86e4-6380a8e4952b
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266448