Vi du bli vår nye
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Tilrettelagte tenester, arbeidsstad for tida Vestre Lurane bufellesskap, har frå 01.01.2025 ledig 100% fast stilling i 50/50 kombinasjon som avdelingsleiar/arbeid i miljøet. Stillinga er på dagtid.
Tilrettelagte tenester i Kommunen gjev tenester til born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter og avlastning for born og unge.
Vestre Lurane bufellesskap er eit bufellesskap med 9 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov. I tillegg har bufellesskapet ansvar for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar. Avdelinga er godt etablert med ein stabil, dedikert og fagleg god personalgruppe. Hos oss vil du leia eit team som kvar dag ynskjer å gjera ein forskjell for dei som bur i bufellesskapet.
Vi treng DEG som brenn for kvalitet i tenesta og som ser meininga i å skapa ein god heim og ein god kvardag for tenestemottakarane.
Vi treng DEG som ynskjer å være ein viktig kulturberar og rollemodell, og som bidreg til at dine medarbeidarar trivs og utviklar seg i jobben.
Du som avdelingsleiar vil ha ei viktig rolle i dagleg drift og vidareutvikling av avdelinga.
Stillinga si næraste organisatoriske plassering er einingsleiar.
Kvalifikasjonar:Andre kvalifikasjonar som er ønskjeleg, men ikkje eit krav, er :
- Vidareutdanning i leiing samt leiarerfaring
- Brei erfaring i arbeid med brukargruppa og erfaring frå psykisk helsearbeid
- Kompetanse knytt til drift av bufellesskap
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Funksjon / ansvarsområde:
Avdelingsleiar skal, saman med einingsleiar, vere med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering. Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet som skal drive internt innovasjons- og organisasjonsutviklingsarbeid for å sikre likeverdige, gode og berekraftige tenester. Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast. Du må være god på å sjå ting i eit større perspektiv, og har forståing for at di rolle har innverknad ut over eiga avdeling og saman med leiargruppa har avdelingsleiar ansvar for effektiv og forsvarleg drift.
- Drifte avdelinga i henhold til Bjørnafjorden kommune sine verdiar og målsetjingar
- Sørge for ansvarleg drift innafor gitt budsjett
- Turnusarbeid
- Sørge for at det vert gjeve tenester som er fagleg og etisk forsvarleg
- Ansvar for dagleg drift
- Personalansvar
- Samarbeid med ulike samarbeidspartnarar
- Sørge for forsvarleg dokumentasjon i henhold til retningslinjer
- Oppfølging av HMS arbeid
- Andre praktiske oppgåver
- Miljøarbeid på avdelinga i omlag 50 % stilling - Ulikt behov vert tilpassa etter drift / brukarbehov.
- Vi søkjer ein dyktig leiar som:
- Har eit stort engasjement for brukargruppa og som aktivt bidrar til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
- Har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
- Har svært god evne til å planlegge, ha oversikt, organisere, koordinere og delegere oppgåver
- Er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
- Skaper gode relasjonar internt og eksternt og har evne til samarbeid
- Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede
- Tar ansvar for god balanse og har eit reflektert forhold til kva som gir deg energi og overskot
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit tverrfagleg og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode høve til å vere med å påverke og utforme ei viktig og spannande teneste
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
- Støtte og fellesskap i eininga sitt leiargruppe
- En arbeidsplass som er en inkluderande arbeidslivs (IA) bedrift
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2768902
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3416141_196017_nn