Hopp til innhold

Er du radiograf og interessert i jobb på Vestlandet?

Arbeidsgiver

Radiologisk seksjon Førde, Helse Førde

Sted

Svanahuagvegen 7, 6812 Førde

Om jobben

Oppstart
31. august 2026
Stillingstittel
Radiograf
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest onsdag 27. mai

Vil du vere del av ei radiologisk avdeling der alle kjenner alle? Ønskjer du breidde i arbeidsdagen, der du får jobbe innan ulike fagområde og modalitetar? 

Få ein meiningsfull og variert arbeidskvardag samtidig som du bur midt i livets leikeplass: Vestlandet!

Vi har ledige radiografstillingar ved Førde sentralsjukehus:

  • 100 % fast stilling frå 31.08.2026
  • 100 % vikariat frå 31.08.2026 - 29.08.2027

Stillingane omfattar radiograffagleg arbeid innan røntgen, intervensjon/gjennomlysing, CT (eventuelt mammografi) og ultralyd.
Stillingane inngår i tre-delt turnus (35,5 t/veke) med arbeid kveld, natt og kvar 3.-4. helg.

Trivsel og kvalitet
Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.

Kva kan vi tilby?

  • Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar.
  • Her er ingen spørsmål dumme, og det er låg terskel for å be ein kollega om råd eller støtte.  
  • Sidan du roterar og er innom fleire fagområde og modalitetar, vil du få ein variert arbeidskvardag og brei erfaring.
  • Du får konkurransedyktig løn, samt gode pensjons- og forsikringsordningar 

Her kan du bli betre kjent med oss, samt få 10 gode grunnar til å jobbe i Førde .


Kven ser vi etter?
God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og trivst med å jobbe innan ulike fagområde og modalitetar. Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf.
 
Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.  

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd kollektivtilbod, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
 
Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no  .   

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Reidun Brekke, Seksjonsleiar Førde sentralsjukehus, (+47) 578 39 616

Arbeidssted

Svanahuagvegen 7
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5084114708
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 27.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Reidun Brekke

Seksjonsleiar Førde sentralsjukehus

(+47) 578 39 616

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

05c5ac89-f788-444e-9b2d-b1ccddef09dc

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

93368374b8ef4ba884b278ab27b22119

Lignende annonser

Laster lignende annonser