Spennande leiarstilling ved Bø vidaregåande skule
Telemark Fylkeskommune
Gymnasbakken 23, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleder administrasjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Har du lyst til å bli med på laget vårt? Vi søkjer etter ny avdelingsleiar administrasjon i 100% fast stilling.
Stillinga er ein del av leiargruppa ved Bø vidaregåande skule. Denne stillinga har som hovudoppgåver å følge opp økonomi, HMS-ansvar, drift og tilsyn av bygningar, og personalansvar for reinhold, merkantilt, kantine og byggdriftarane.
Bø vidaregåande skule har i dag om lag 330 elevar og 50 tilsette. Skulen er over 100 år gamal og har ei lang historie med seg, som ein sentral og attraktiv skule for mange.
Visjonen vår er "Me - ikkje meg!". Vi er opptatt av å vidareutvikle eit godt og trygt skulemiljø for alle og for å få det til, så må vi alle jobbe saman med fokus på vi og ikkje meg.
Vi har to spennande utdanningsprogram, som begge gjev studiekompetanse;
- Studiespesialiserande som tilbyr ei brei programfagspakke innan realfag-, språk-, samfunnsfag- og økonomiske fag
- Idrettsfag der elevane kan velgje mellom topp- og breddeidrett
I tillegg tilbyr vi særskilt norskopplæring (kombi-løpet) for elevar, før dei søkjer vidaregåande opplæring og vi har også voksenopplæring.
Bø vidaregåande skule ligg sentralt i Bø og i Midt-Telemark kommune. Kommunen har omlag 11 000 innbyggjarar. Bø er ein attraktivt tettstad med godt kulturtilbud, universitetsmiljø (USN) og gode offentlege kommunikasjonar i alle retningar.
Sjå nettsida til skulen for meir informasjon www.bo.vgs.no
Arbeidsoppgaver
- Økonomistyring, budsjettarbeid, rekneskap og løn
- Personaladministrasjon / HR
- Personalansvar for merkantilt personell, byggdriftarar, kantine og reinhaldarar
- Lokal driftsleiing av bygningsmassa
- HMS - internkontroll - brannvernleiar
- Ajourhold av administrative systemer
- Merkantile støttefunksjoner
- Andre arbeidsoppgåver etter behov
Kvalifikasjoner
- Søkjar må ha relevant utdanning frå høgskule/universitet innan økonomi, administrasjon og personalforvaltning
- Det er ein fordel at søkjar har leiarerfaringar eller eit ønskje om å bli leiar
- Det er ønskjeleg at søkjar har relevant praksis innan stillingens ansvarsområder
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, som krevjas for leiing av ein framtidsretta skule
Personlege eigenskapar
Personleg eignethet vil vektleggas, som m.a:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å setje mål og jobbe for å nå desse
- Evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
- God organisasjonsforståing
- Systematisk og strukturert
- Analytisk og med god evne til problemløysing
- Evne til å vera ein tydeleg og tilgjengeleg leiar
- Godt humør
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- God offentleg pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Anlaug Aase, Rektor, +47 97772075, anlaug.aase@telemarkfylke.noArbeidssted
Gymnasbakken 233802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Telemark FylkeskommuneReferansenr.: 5064299210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
05b54cd2-c06d-4273-bcab-7aa52d9f6041
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b2d34f9a94741869d5b035944ef353d
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Kviteseid
Arbeidsgiver
Bø skule/SFO
Sted
Bø i Telemark
Arbeidsgiver
Lisleherad Montessoriskole Sa
Sted
Notodden