Vikariat sjukepleiar 100% stilling på gynekologisk avdeling, Stord
Gynekologisk og føde avdeling Stord, Helse Fonna HF har ledig to 100% vikariat for sjukepleier.
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier - Vikariat
Oppstart
28. august 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Avdelinga er ei kombinert føde/barsel/gyn avdeling/poliklinikk og har ca 450 lågrisikofødslar i året og 5 gynekologiske senger. På den gynekologisk delen har vi elektiv og akutt kirurgi, og behandling av gynekologiske sjukdommar/tilstandar.
Som sjukepleiar hos oss får du ein variert arbeidskvardag, i ei til tider travel, men triveleg avdeling. I stillinga som sjukepleiar inngår arbeid kvar 4 helg og todelt turnus.
Vi har eit høgt fagleg nivå og eit godt tverrfagleg miljø. Vi er opptatt av å gjere kvarandre gode og derfor har vi fokus på fagleg og personleg utvikling.
Er du ein sjukepleiar som interesserer deg for kvinnehelse, gynekologi, fødsel og barseltid og kanskje kan tenkje deg å bli jordmor er dette ei stilling for deg. Her får du anledning til å jobbe tett på jordmødre og jobbe sjølvstendig i forhold til mor og barn etter fødsel.
Arbeidsoppgåver
- Som sjukepleiar hos oss vil du få ansvar for oppfølging gynekologiske pasientar. Du vil jobbe tverrfagleg med LIS 1 og overlege gynekolog.
- Det vil og bli aktuelt med omsorg for mor og barn på barsel. Du vil ha eit tett samarbeid med jordmor og barnepleier i avdelinga.
- Studentrettleiing er ei naturleg oppgåve i seksjonen, då vi har studentar av fleire kategoriar store delar av året.
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som sykepleier
- Det er ein fordel å ha erfaring frå sjukehus
- Må kunna norsk muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Pasientorintert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Ha respekt for den enkelte pasienten
- Trivest med å jobba i eit tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Lønn etter overenskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivs-befrift ( IA bedrift)
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Isabel Solvang Tofte, Avdelingsleiar, 47826086, isabel.solvang.tofte@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4669935745
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 28.08.2023
Sluttdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 12.06.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2353592
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3cd5d1f1dc384e9697faf0bc18fcdb27