Hopp til innhold

100% fast stilling som teknikar i Ergo-/fysioterapitenesta

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Osterøytunet 3, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Teknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Om stillinga

Vil du bruke teknisk interesse og praktiske ferdigheiter til å gjere kvardagen enklare for andre? Osterøy kommune søkjer ein teknikar med ansvar for drift og oppfølging av kommunen sitt hjelpemiddellager. Du vil få ein variert arbeidskvardag med teknisk arbeid, logistikk, digitale system og samarbeid med innbyggjarar og kollegaer.

Du treng ikkje vere ekspert på hjelpemiddel eller kjenne Nav Hjelpemiddelsentral frå før. Det viktigaste er at du er praktisk anlagt, nysgjerrig på teknologi og digitale verktøy, lærer raskt og trivst med å finne gode løysingar saman med andre. Opplæring og fagleg støtte får du hos oss.

Stillinga er organisert i Ergo- og fysioterapitenesta. Vi arbeider for at innbyggjarane på Osterøy skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv – heime, i institusjon, på skule og i barnehage.

Ønskjeleg med snarleg oppstart, eller frå 01.01.2027.


Kvem søkjer vi etter

Vi ser etter deg som har teknisk innsikt og likar å arbeide praktisk. Du tek ansvar, er løysingsorientert og har god serviceinnstilling, og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og inkludering.

Det er ein fordel om du:

  • har relevant erfaring eller anna teknisk bakgrunn
  • er interessert i teknologi og digitale løysingar
  • kan arbeide sjølvstendig og strukturert, samtidig som du samarbeider godt med andre
  • kommuniserer tydeleg og respektfullt med menneske i ulike situasjonar
  • har førarkort klasse B
  • krav om politiattest
  • gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar, praktisk forståing og vilje til å lære vil òg bli tillagde stor vekt i rekrutteringsprosessen. 


Arbeidsoppgåver

Du får ei sentral rolle i å sikre at rett hjelpemiddel kjem til rett person til rett tid. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • drifte og halde orden på kommunen sitt hjelpemiddellager
  • planleggje og gjennomføre utlån, mottak, levering og henting av hjelpemiddel
  • montere, tilpasse, demontere og reparere tekniske hjelpemiddel
  • feilsøkje og bestille delar ved behov
  • bestille enklare hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral
  • registrere og dokumentere i  digitale fagsystem
  • følgje opp logistikk og samarbeid mellom innbyggjarar, kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral
  • bidra til vedlikehald, kvalitetskontroll og vidareutvikling av gode rutinar
  • rettleiing i bruk av hjelpemiddel

Du samarbeider tett med ergo- og fysioterapeutar, heimetenestene, sjukeheim, forvaltningsteneste, skular, barnehagar, sjukehus og Nav Hjelpemiddelsentral.

Stillinga inngår i ein organisasjon i utvikling, og det må reknast med at arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa etter behov over tid. 


Vi tilbyr

Hos oss får du ein meiningsfull jobb der arbeidet ditt har direkte verdi for innbyggjarane. Du blir del av eit inkluderande, tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og korte veger til samarbeid.

Vi tilbyr opplæring i hjelpemiddelområdet, varierte arbeidsdagar og høve til å utvikle deg fagleg i skjeringspunktet mellom teknologi, praktisk arbeid og kommunale tenester. 
 

Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

Kontaktpersoner for stillingen

Lina Traskinaite

Einingsleiar

+4746420526

lina.traskinaite@osteroy.kommune.no

Anne Sidsel Hoel

Avdelingsleiar

+4756192521

anne.sidsel.hoel@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

05a5b80d-6750-4dc9-8b65-577bd0afb8a3

Sist endret

23. oktober 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10313821

Lignende annonser

Laster lignende annonser