Ringevikarar
OPK-OL - Olsvikåsen vgs, Vestland fylkeskommune
5183 Olsvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ringevikarar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Olsvikåsen videregåande skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik er eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss her.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ringevikarar!
Vi søkjer ringevikarar for skuleåret 2025-2026 til fag på alle våre utdanningsprogram.
Som ringevikar vil du bli oppringt med førespurnad om å ta ein eller fleire timar ved kortare eller lengre fråvær i staben.Du kan og få forespørsel om andre typer oppdrag som til dømes prøvevakt og eksamensvakt om vi har behov for det.
Du vel sjølv om du vil takke ja til førespurnaden når du får den, og arbeidet kan såleis kombinerast med anna arbeid eller studiar.
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng.Den som skal tilsettast må legge fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- er målretta, systematisk og løysingsorientert
- er positiv, initiativrik og engasjert, og som har gode kommunikasjonsevner
- set eleven si læring og utvikling fremst, og som vil skape gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre
Vi tilbyr
- eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
- løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Snorre Loeng, avdelingsleiar, +47 55511416, snorre.loeng@vlfk.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4999803954
Stillingsprosent: 10%
Vikar
Søknadsfrist: 20.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
05a1b590-4d01-4b3f-a20c-796c323bc9ce
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4251286bdb640b091e3a5a8deec2b1b