Miljøterapeut STYRK-arbeid
Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste
Sevrinhaugen 7, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut STYRK-arbeid
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
I Styrk-arbeid har vi ledig eit vikariat i 100% stilling frå 01.07.25 til 30.06.26.
Styrk-arbeid er eit arbeidstreningstiltak for unge som av ulike grunnar har droppa ut av utdanning eller jobb. Det blir lagt til rette for meistring, både praktisk og sosialt, slik at vegen tilbake til utdanning og jobb blir enklare. Deltakaren får tett oppfølging, og kan få hjelp til jobbsøking eller praksisplass hjå ein ekstern arbeidsgivar.
Styrk-arbeid er organisert under rus og psykisk helseteneste i Volda kommune. Tenesta har knappe 30 årsverk fordelt på ulike tenesteområde, der vi tilbyr individuell oppfølging, døgntenester til heimebuande og lågterskeltilbod. Styrk-arbeid held til i den gamle prestegarden i Volda sentrum, saman med Møteplassen Gnisten.
Arbeidsoppgåver
- Organisere arbeidskvardagen til deltakarane saman med dine kollgega
- Delta i fellesskapet, både på jobboppdrag, i lunchen og ved fysiske eller sosiale aktivitar
- Følgje opp deltakarar som primærkontakt og mentor. Dette inneber støttesamtalar, karriererettleiing og opplæring.
- Ha kontakt med samarbeidande instansar som f eks NAV, spesialisthelsetenesta og fastlege
- Journalføring i fagsystemet Gerica
- Delta på samarbeidsmøter internt i avdelinga og med eksterne samarbeidspartar, f.eks NAV
Kvalifikasjonar
- Relevant bachelorgrad innan helse, sosial eller pedagogikk.
- Søkjarar med vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid, eller erfaring frå liknande arbeid vil bli prioritert
- Førarkort (klasse B) er eit krav
- Politiattest må leggjast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er en person som har interesse for psykisk helsearbeid og rusarbeid. Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan
halde ut over tid når det er vanskeleg.
- Du er roleg, trygg, tydeleg og stabil, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar.
- Gode samarbeidsevner både når det gjeld brukarar, pårørande, samarbeidspartar og kollega.
- Gode evner til sjølvregulering og samregulering i møte med andre sine kriser.
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert og tileigne seg ny fagleg kunnskap.
- Evne til å jobbe strukturert og målretta ut frå brukarane sitt behov.
- Personlege eigenskapar er avgjerande for kven som blir tilsett
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle tenestene. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mykje humor. Du vil oppleve varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling. Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og veiledning.Kontaktinformasjon
Erlend Indrearne, Fagleiar, 957 58 181 , erlend.indrearne@volda.kommune.noMalene Rovde, Seksjonsleiar, 488 97 584, malene.rovde@volda.kommune.no
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, +47 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 76102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4968806160
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 08.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2951619
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1dc35376a1ea40c8baee867bdc10fa0e