Vossa Jazz søkjer ny Festivalsjef!
Vossa Jazz
Vangsgata 6, 5700 Voss, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg Leiar Vossa Jazz
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. juni
Vossa Jazz er ein av Noregs viktigaste jazzfestivalar og skipa til den 52. festivalen i 2025. Me planlegg for 50 år til med ein kvalitetsfestival som er møteplass for nyskaping og tradisjonar -- på tvers av generasjonar.
Me søkjer no etter ein person som :
· brenn for å levera gode kunst- og kulturopplevingar
· har gode samarbeidsevner
· er sjølvstendig og systematisk
· har gode kommunikasjonsevner.
Og som Voss Herad skriv når dei lyser ut stillingar:
«Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.»
Om dette noko for deg, send søknad og CV post@vossajazz.no
Søknadsfrist 04. juni 2025
Fullstendig utlysing av stillingane finn du på Vossa Jazz si heimeside: vossajazz.noOm bedriften
Vossa Jazz er ein av Noregs viktigaste jazzfestivalar og skipa til den 52. festivalen i 2025. Me planlegg for 50 år til med ein kvalitetsfestival som er møteplass for nyskaping og tradisjonar -- på tvers av generasjonar.
Den musikalske profilen vår femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Velkomen til Voss og Vossa Jazz -- bygda og festivalen med kvalitet og glimt i auga!
Vossa Jazz vert gjennomført over 3 dagar i palmehelga kvart år og meir enn 200 frivillige er med å lage festival. Det er likevel oppgåver som må gjerast gjennom heile året, og festivalen er avhengig av ein stødig administrasjon. Den faste staben i Vossa Jazz utgjer 1,9 årsverk. Festivalsjefen er dagleg leiar og kunstnarleg ansvarleg.
Sektor
Privat
Nettsted