Ledig stilling som ringavløysar og avløysar
Vi har ledige stillingar som ringavløysarar og avløysar i 100% stilling. Vi treng og avløysarar på timebasis, både helgar og vekedagar.
Arbeidet er allsidig og inneber arbeid på mjølke- og sauebruk, samt førefallande arbeid som gjerding, skogsarbeid, onnearbeid mm.
Arbeidsstad er i våre områder i:
Kvinnherad, Tysnes og Hardanger
Du må vere interessert i landbruk, og helst ha erfaring som avløysar/gardbrukar. Relevant utdanning er og av interesse og kan vege opp for evt. mangel på praksis.
Du må vere ansvarsbevisst, ha interesse for dyr og dyrevelferd, vere fleksibel og kommunisere godt. Jobbe sjølvstendig, ha positiv innstilling og vilje til samarbeid.
Må være fleksibel m.h.t arbeidstid, og ein del helgejobbing må påreknast.
Forutset at du har sertifikat klasse B og T, og disponerer eigen bil, evt. vår firmabil, og kan køyre traktor.
Må kunne beherska skandinavisk språk, muntlig og skriftlig.
Løn etter avtale/tariff.
Tiltredelse snarast.
Om bedriften
Landbrukstenester Folgefonna Sa er eit andelseigd avløysarlag, som har som hovudoppgåve å skaffa kvalifisert arbeidskraft til landbruket. Dette gjeld både til avløysing ved ferie/fritid og sjukdom. Vi står for utløning og forsikring av avløysaren, og vi administrerer i tillegg landbruksvikarar som stiller hjå deg dersom du skulle trenga avløysing eller hjelp på garden.