Miljøpersonal - årsvikariat
OPK-SE - Avd. Anlegg, Drift og Tilrettelagt, Vestland fylkeskommune
Fanavegen 249, 5244 Fana, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøpersonal - årsvikariat
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 84.4%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. august
Arbeidsoppgåver
Støtte elevane si læring og trivsel ved å bidra aktivt til deira faglege og sosiale utvikling gjennom heile skuledagen.Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter og kompetanse som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig arbeidsliv
Gjennomføre læringsøkter og praktiske arbeidsoppgåver i tråd med pedagogiske planar.
Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer personar med kompetanse og erfaring frå håndverk, fortvinnsvis tømrar- snekkar yrke, samt arbeid retta mot ungdom med samansette utfordringar.Personlege eigenskapar
Ønskeleg med fagbrev innan håndverksyrkeDu har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse.
Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig.
Du er tålmodig, raus, tydeleg og strukturert.
Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte.
Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør.
Vi legg vekt på at du er engasjert og personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverkGode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Lars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287Arbeidsstad
Fanavegen 2495244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4990031629
Stillingsprosent: 84,4%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 01.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Lars Ivar Søvik
avdelingsleiar
95898287
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
054bd2e7-1b4e-4eb0-b9d7-6add45265ad0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5643f97b4dc9409d8fb65f045adc115e