Vil du bli vår nye overstyrmann?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Rv827, 8590 Kjøpsvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Drag - Kjøpsvik, p.t. MF Fannefjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. juni
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som overstyrmann i sambandet Drag-Kjøpsvik p.t. MF Fannefjord.
Reise til/frå jobb blir dekka, og ein bur ombord i skiftperiode.Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
- Fleksibel skiftordning: Sjøvaktsordning med 3 veker på, og 3 av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgåver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Sjøvaktsordning: 3 veker på, og 3 veker av
- Oppstart etter avtale.
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
Rv8278590 Kjøpsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4980078261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted