Off. godkjent sjukepleiar,Ørstaheimen- Bakketun
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Off. godkjent sjukepleiar Bakketun
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. desember
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 100 % fast stilling ved avd. Bakketun, Ørstaheimen.
Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Vi arbeider målretta for å gi individuell pleie og omsorg av høg kvalitet, med fokus på å styrke brukaren si eiga meistringsevne. Fagkompetanse er til stades heile døgnet og året rundt, og vi nyttar oppgåvedeling for å sikre effektiv og fagleg forsvarleg tenesteyting.
Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg.
Ved god kapasitet på eiga avdeling kan arbeidsoppgåver bli lagt til andre avdelingar, og det må påreknast å bidra på tvers av avdelingar etter behov. Det er mogleg å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Du vil få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagsystem, e-læring, kurs og fagdagar.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Vegleiing og opplæring av medarbeidarar
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet
- Oppfølging og implementering av interne rutinar og retningsliner
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Relevant arbeidserfaring er ein fordel
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- har interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- likar utfordringar og har evne til å takle raskt skifte i arbeidsoppgåver
- søkjer faglege utfordringar
- tek initiativ og ansvar
- er engasjert og løysingsorientert
- er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for å jobb langvakter
- Vi vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr.2 stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Det kan også vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette sjukepleiarar i faste stillingar, med bindingstid på 2 år etter at prøvetida er over.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Om offentleglova Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Arja Hietanen, Avdelingsleiar Bakketun, 481 23 801, arja.hietanen@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5047428676
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
05354681-a5d2-4b2b-8ec4-651512711043
- Sist endret
2. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
92e81962bc7c4301bc5d98a52a9513d1
Lignende annonser
Off. godkjent sjukepleiar Vallastova
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim
Sted
Ørsta
Off. godkjent sjukepleiar Hjørundfjordheimen
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim
Sted
Sæbø
Off. godkjent sjukepleiar Korttidsavdelinga
Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Sted
Ørsta