Miljøterapeut Forvaring
Trondheim fengsel
Nermarka 2, 7042 Trondheim
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut Forvaring
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. februar
Om stillingen
Trondheim fengsel og forvaringsanstalt er eitt av to fengsel i Noreg som har spesielt tilrettelagde avdelingar for forvaringsdømde menn.
Vi har no ledig ei 100 % stilling som 1201 miljøterapeut.
Forvaring er ein fengselsstraff som kan verte idømd lovbrytarar som er rekna som særleg farlege, og som ikkje har ei fastsett tidsavgrensing. Forvaring skal, i større grad enn ved ordinær fengselsstraff, ha eit innhald retta mot rehabilitering av den domfelte. Det skal leggjast særleg vekt på individuell oppfølging for å førebyggje ny, alvorleg kriminalitet.
Forvaringsavdelinga har plass til 10 innsette fordelte på to bueiningar. Hovudmålet for avdelinga er å skape ein arena der forvaringsdømde får moglegheit til å starte ein endringsprosess. Teamet som arbeider på avdelinga består av seksjonsleiar (inspektør), avdelingsleiar (førstebetjent) og 15 tenestepersonar, derav 6 miljøterapeutar og 9 fengselsbetjentar. Alle tilsette er uniformerte etter reglane i kriminalomsorga, og går i turnus utan nattevakt, med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Målretta endringsarbeid og tryggleiksmessige oppgåver på lik linje og i team med fengselsbetjentar.
- Gjennom tilstadevering og deltaking i daglege aktivitetar skal tilsette motivere, observere og leggje til rette for tiltak som kan skape vekst og endring hos innsette.
- Vere kontaktbetjent for ein eller fleire innsette, og inngå i kontaktbetjentgruppa til den innsette.
- Delta i ansvarsgrupper, utarbeide framtidsplanar og anna relevant dokumentasjon.
- Vere ein aktiv medspelar i den faglege utviklinga av forvaringsavdelinga.
- Den som vert tilsett må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Stillingskode 1201Du må ha:- Sosialfagleg høgskule- eller universitetsutdanning - eller annan relevant utdanning frå høgskule eller universitet på bachelornivå
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God kunnskap om og erfaring med bruk av IKT-system eller verktøy
- Førarkort klasse B
Evne til kommunikasjon og samarbeid – både internt i avdelinga og i møte med andre fagmiljø og samarbeidspartnarar i og utanfor fengselet.
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide og bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø
- Vilje til å ta naudsynt opplæring
- Evne til å tenkje tryggleik, setje grenser, og vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, men òg til å samarbeide godt i team på tvers av yrkesgrupper
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Meiningsfylte oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Ein spennande arbeidshverdag med varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Gratis parkering med moglegheit for ladeabonnement
Løn etter statens regulativ frå kr 525 000 – 670 000 per år
Det vert trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til en endå betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kjennar du deg att i éi av desse kategoriane, kan du krysse av for dette i jobbsøkarportalen vår.
Vi gjer merksam på at det ikkje må vere noko å utsetje på vandel hos den som vert tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer òg merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og få høve til å trekkje søknaden.
Den som vert tilsett må rette seg etter organisatoriske eller andre endringar som vert bestemte når det gjeld arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med Trude T. Gulbrandsen på telefon 488 69 922.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på telefon 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
051a6dfb-774c-4560-ae47-afc7d9c77b37
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278080
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Trondheim fengsel
Sted
Trondheim
Miljøterapeuter i medlever
Arbeidsgiver
Stendi AS
Sted
Trondheim
Arbeidsgiver
Stavset skole, Trondheim kommune
Sted
Trondheim