Pedagogisk leiar i Rogne barnehage
Rogne barnehage, Øystre Slidre kommune
Solhauglie 8, 2943 Rogne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar i Rogne barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. juli
Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen?
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.
Rogne barnehage er ein 3 -avdelings barnehage med 110 plassar. Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.
Samarbeider med dei andre barnehagane i kommune og Region Valdres med bl.a profesjonsveiledning av nyutdanna barnehagelærarar.
Frå hausten 2025 og i to år framover, skal barnehagen, i lag med dei andre barnehagane og skulene i kommunen, være deltakar i Læringsmiljøprosjektet. Dette er eit nasjonalt prosjekt som har som hovudmål å utvikle trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Prosjektet skal vektlegge arbeid på både individ, gruppe og systemnivå og utvikle barnehagen som lærende organisasjon.
Visjonen til barnehagen er "for barna".
Vi har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar.
Det kan bli moglegheit for ledig vikariat som pedagogisk leiar.
Barnehagene i Øystre Slidre treng også tilkallingsvikarar, ta direkte kontakt eller send ein open søknad.
Det er tiltenkt intervju i veke 28.
Arbeidsoppgåver
- Legge tilrette for gode lærings- og oppvekstvilkår for barn
- Delta i det daglege arbeidet med å skape eit trygt og utviklande miljø for enkelt barn og barnegruppa
- Delta aktivt i leik og daglege aktivitetar med barna
- Ha det pedagogiske ansvaret på avdelinga, eller i barnehagen og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet
- Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
- Samarbeide med og rettleie kollegaer
- Ansvar for å legge tilrette for eit tett foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Søkjarar under utdanning, eller med annan relevant utdanning, kan bli vurdert om det ikkje er søkjarar med barnehageutdanning
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
- Evne til å bruke seg sjølv, i ein til tider, hektisk kvardag
- Ha humor og glede og vere påliteleg
- Evne til å takle det upårekna og evne til å improvisere ein del, sidan det kan oppstå situasjonar der det ikkje finns eit fasitsvar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidara
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Telefongodtgjerlse
- Avtale om arbeidstøy
- Rettleiing av nyutdanna barneahagelærarar
- Som busett i Øystre Slidre kommune får du nedskriven studielån 25 000 per år jf. nasjonal ordning.
Kontaktinformasjon
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar, +47 95733837Arbeidsstad
Solhauglie 82943 Rogne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4984348631
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne-Kari Gjerdalen
Styrar
+47 95733837
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
051a01d0-79da-4972-962d-e57b501a6fdb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4a67dd4d9084d67af7e867cae29b82d