Arealplanleggjar - 2. gongs utlysing
Plan og Forvaltning, Bremanger kommune
Granden 4, 6723 Svelgen
Om jobben
Stillingstittel
Arealplanleggjar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. april
Bremanger kommune har ledig 100 % stilling som arealplanleggjar ved driftseininga Plan og forvaltning. Driftseininga har ansvar for plan- og byggjesakshandsaming, geodata, tenester etter matrikkellova, landbruksforvaltning, naturforvaltning/miljø og elles oppfølging av kommunale prosjekt- og planoppgåver.
Det er i dag 7 tilsette ved driftseininga.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av private og offentlege reguleringsplanar
- Utarbeiding av kommunale planar og oppfølging av konsulentar, ved innleige til planarbeid
- Planendringar, og dispensasjonar frå gjeldande planar
- Handsaming av høyringssaker etter energilova, vassressurslova og akvakulturlova
- Rettleiing av publikum og interne/eksterne aktørar
- Trafikktryggingsarbeid
- Prosjektleiing
Andre relevante arbeidsoppgåver kan komme til.
Ta gjerne kontakt dersom du vil vite meir om stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå (bachelor/master), t.d som arealplanleggjar eller landskapsplanleggjar
- God kjennskap til plansystemet og relevant lovverk
- Erfaring frå arealplanlegging eller kommunal forvaltning er ein fordel, men nyutdanna med relevant bakgrunn er også velkomne til å søkje
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket er nynorsk
- God kjennskap til relevante GIS-verktøy, og gode IT-kunnskapar
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Du må- vere strukturert, løysingsorientert, og kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- ha gode samarbeidsevner
- kunne forstå og setje deg inn i samansette problemstillingar
- kunne tileigne deg kunnskap og kommunisere godt både skriftleg og munnleg
- trivast med eit høgt tempo og varierte oppgåver
- vere engasjert i faget og i utviklinga av kommunen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stillinga.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Magnhild Myklebust, Leiar plan og forvaltning, +47 95983000Arbeidsstad
Granden 46723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4908184885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Magnhild Myklebust
Leiar plan og forvaltning
+47 95983000
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2836359
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f082a91fa6a14da2ba214ed01dc49ba3