Vil du vere den som får folk, fag og flyt til å henge saman?
Gastromedisinsk poliklinikk - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. juni
Då kan du vere den vi ser etter som ny funksjonsleiar ved poliklinikken vår.
Hos oss blir du leiar for eit erfarent og engasjert team med sjukepleiarar, teknikarar og merkantilt tilsette.
Poliklinikken høyrer til Medisin avdeling A, saman med Dialysen og Gastro/Nyre sengepost. Her er du del av eit fagmiljø med stor spennvidde og kollegaer som brenn for faget. Tempoet er høgt og prioriteringane krevjande – derfor treng vi ein leiar som skapar tryggleik og retning i det daglege.
I 2028 flyttar vi inn i nyrenoverte og større lokalar – eit løft for både pasientar og tilsette.
Som funksjonsleiar har du ansvar for den daglege drifta og personalansvar for om lag 15 medarbeidarar.
Har du lyst til å vere tett på – både folk og fag – og påverke kvardagen for pasientar og kollegaer?
👉 Då håpar vi du søkjer – eller tek ein uforpliktande prat med Aase Pauly Nevland om du vil vite meir. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
Som funksjonsleiar vil du ha ei sentral rolle i både dagleg drift og utvikling av fagmiljøet.
Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere å:
- Planleggje turnus og ressursbruk, følgje opp sjukefråvær og bidra til eit trygt og utviklande arbeidsmiljø.
- Sikre kvalitet og kompetanseutvikling gjennom tett samarbeid med fagsjukepleiar, medisinsk leiar, legar og andre einingar.
- Ha ansvar for pasientlogistikk og drift av poliklinikken – inkludert tilrettelegging og assistanse ved ulike skopiundersøkingar (gastroskopi, koloskopi, kapselendoskopi, ERCP, EUS, Ph/manometri mellom anna).
Du får ei nøkkelrolle i å kombinere fag, leiing og pasientbehandling – og vere med på å forme framtida for gastropasientane.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi ser etter deg som har helsefagleg utdanning og gjerne erfaring frå sjukehus eller spesialisthelsetenesta. Har du leiarerfaring, er det ein fordel – men det viktigaste er at du har lyst og evne til å ta leiarskap.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må kunne bruke digitale verktøy i det daglege.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Kven passar inn hos oss?
Vi ser etter deg som:
- trivst i eit miljø der det skjer mykje, og har evne til å prioritere – også når det går fort i svingane
- er trygg i deg sjølv, kommuniserer godt, og har lyst til å vere ein leiar som både krev og støttar
får tillit frå andre fordi du lyttar, gjer deg forstått og tør å ta avgjerder
Og viktigast av alt: Du trivst best når teamet ditt fungerer godt.
Kvifor skal du velje oss?
Jo, for hos oss får du:
- ein leiarjobb med mykje ansvar
- jobbe i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- støtte til vidare utvikling gjennom kurs, mentor og tett oppfølging
- bli ein del av ei eining med stort fagleg spenn og eit samla leiarteam
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må du gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Aase Pauly Nevland, Avdelingsleiar, +4791543148, aase.pauly.nevland@helse-fonna.noJeanette Pedersen, Funksjonsleiar, +4791543148, jeanette.pedersen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4974448570
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2952303
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e28c1a22f2b4416aab6a7d37f858cd9a