Tilkallingsvikar Torvmyrane skule
Kinn Kommune
Torvmyra 1, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar Torvmyrane skule
Oppstart
1. april 2023
Type ansettelse
Annet, deltid 10%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
3
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn frå 1-5år i barnehage, på SFO og med skulebarn frå 1. til 7. trinn.Er du engasjert, motivert og kunne tenke deg å jobbe med barn så er dette kanskje noko for deg.
Vi har treng tilkallingsvikarar for barnehagelærarar, lærarar eller fagarbeider/assistent ved kort eller langtidsfravær på Torvmyrane skule.
Du må kunne vere deltakande i leik og aktivitet med barna. Du vil få omsorgsoppgåver knytt til daglege rutiner. Du vil vere eit førebilete og ein rollemodell for barna.
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med relevant utdanning og erfaring.Søkarar uten utdanning blir og vurdert.
Erfaring frå arbeid med barn er ønskjeleg, men ikkje naudsynt.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som trivast blant både små og store, som har humør og engasjement i arbeidet med å skape gode utviklingsvilkår for alle barn, uansett bakgrunn. Du sett barnet i fokus og har gode samarbeid- og kommunikasjonsevner, er fleksibel og toler at planar endrast på kort tid. Du er oppteken av di eiga læring og utvikling, og trivst i eit miljø med kultur for deling. Du er nysgjerrig og utprøvande og veit du lærer undervegs, også når du møter motgang.Vi tilbyr
Spannande og gjevande oppgåver med meining.
Eit fagfellesskap med fokus på utvikling og trivsel i alle ledd. Eit suverent kollegie som kvar dag bidreg til eit arbeidsmiljø i særklasse. Du er hjerteleg velkommen med!
Løn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikringar i KLP/SPK
Kontaktinformasjon
Hilde Aardal, Inspektør Torvmyrane skule, 95214312Robert Steindal, Rektor, 95878163
Arbeidsstad
Torvmyra 16900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4638347269
Stillingsprosent: 10%
Vikar
Startdato: 01.04.2023
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 30.03.2023
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.
Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.200 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1600 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2290027
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bd4bcc8674dd4483a1657b6e80e34160