Sjukepleiar med fagsjukepleiarfunksjon
Sikkerheit- og rehabiliteringspost Valen sjukehus
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Om jobben
- Oppstart
- 6. juli 2026
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. mai
Eining for sikkerheit og rehabilitering har ledig stilling for sjukepleiar. Delar av stillinga er knytt til fagsjukepleiarfunksjon.
Helse Vest RHF arbeider for eit heilskapleg pasientforløp innan det sikkerheitspsykiatriske fagområdet, med samhandling på systemnivå når det gjeld overgangar, pårørandearbeid og kompetanseutvikling.
Innan sikkerheitspsykiatri har Helse Fonna etablert lokal sikkerheitspost, sikkerheits- og rehabiliteringspost og eit FACT sikkerheitsteam. Vi er i prosess med å etablere trenings-/overgangsbustader for pasientar som er innlagde i sikkerheitspsykiatrien.
Eining for sikkerheit og rehabilitering er ei spesialeining med til saman åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. Eininga har ein sentral funksjon i den sikkerheitspsykiatriske behandlingslinja.
For pasientar som er innlagde i sikkerheitspsykiatrien, er det viktig med ein gradvis overgang frå sikkerheitsavdeling til kommunale butiltak. Eit forsterka rehabiliteringstilbod vil gi høve til kartlegging og identifisering av risikofaktorar, samstundes som pasienten blir følgd opp av personell med kompetanse på sikkerheitspsykiatrisk behandling og risikohandtering.
Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasienten, sjukdomsbiletet, evnene og ressursane deira. Behandlinga kan omfatte legemiddel, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.
Kva går jobben ut på?
- Arbeide målretta for å styrke fagutvikling i posten og vere rådgjevar for funksjonsleiar vedrørande fag og fagutvikling for alle faggrupper som arbeider i posten
- Sjukepleie og behandling tilpassa pasienten sine individuelle behov
- Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp
- Overvaking og implementering av sikkerheitstiltak for pasient- og personaltryggleik
- Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell som legar, psykologar og sjukepleiarar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring
- Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Sjukepleiar med norsk autorisasjon.
- Ynskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus.
- Gode datakunnskapar og evne til å handtere digitale verktøy.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har evne til å arbeide sjølvstendig
- har evne til å halde framdrift i prosessar
- er positiv, engasjert og initiativrik
- har god evne til å samarbeide
- er ryddig og strukturert
- har gode kommunikasjonsevner
- er tilpassingsdyktig og kan takle stressande situasjonar med ro og faglege haldningar
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Helena Heimvik, Funksjonsleiar, 53466482, helena.heimvik@helse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5111110406
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.07.2026
Søknadsfrist: 24.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04cb7871-040c-4a10-bc6e-d3fb05d7e4b9
- Sist endret
27. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
304a93cbc3ad413d91737798f741cb8e