Assisterande seksjonsleiar
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Seksjon S3, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Psykiatrisk klinikk har ledig fast stilling for assisterande seksjonsleiar i seksjon S3, avdeling for spesialistert psykosebehandling.
Seksjon S3 er ein lukka korttidspost med 9 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Assisterande seksjonsleiar i S3 har medansvar, saman med sekjsonsleiar, for å utvikle miljøterapi og saman med resten av leiinga etablere eit godt fungerande samarbeid med aktuelle instansar. Oppstart etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Assisterande seksjonsleiar har saman med seksjonsleiar:
- medansvar for forsvarleg drift av seksjonen
- medansvar for å utvikle det sjukepleiefaglege arbeidet i seksjonen
- medansvar for ivaretaking av personalet
- medansvar for arbeidstidsplanlegging/bemanning/turnus
- administrering av arbeidsplanar - GAT
- medansvar for godt samarbeid internt med andre seksjonar og eksternt med DPS/kommune
- delta i avdelinga sitt leiarteam og vera stedfortredar for seksjonsleiar
- Oppfølging av kompetanseplanar
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, samt relevant vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rus
- Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ønskeleg
- Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskeleg
- Kjennskap til GAT
Personlege eigenskapar
- Opptatt av fag
- Handlekraftig og inspirerande
- Målretta og robust
- Sjølvstendig og ansvarleg
- God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
- Fleksibel og løysingsorientert
- Har fokus på å skape og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Er fleksibel, pålitelig, og tilpassingsdyktig i møte med endringar
- Er engasjert i pasientsikkerheit og kontinuerleg forbetring
- Er positiv, imøtekommande og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sigurd Ulfeng Jakobsen, Seksjonsleiar, 55958530
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4973204243
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04ba3362-eae8-4082-9c44-ea8fbfd2f0f7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b1f241f8c67e4053b01619dc68d9a6cd