Samfunnsplanleggjar
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Samfunnsplanleggar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. desember
Om stillinga
Samfunnsplanleggjar hos oss har hovudansvar for overordna planar, til dømes kommunedelplanar, klimaplan og kommuneplan.
I tillegg får ein moglegheit til å delta i ulike tverrfaglige arbeidsgrupper, og dessutan prosjektarbeid. Dette gjer at ein er tett på samfunnsutviklinga, både lokalt og regionalt.
Du vil inngå i ein eining for samfunnsutvikling - teamet vårt jobba tett saman med ynskje og mål om å gjera Sveio til ein god stad å leva.
I samfunnsutvikling arbeidar me med overodna plan, næring, folkehelse, kulturminnevern, samt idrett og friluftsliv.
Arbeidsoppgåver
- overordna planarbeid med tilhøyrande sakshandsaming
- lede og og delta i prosjekt innan fagområde samfunnsutvikling
- lede og delta i tverrfaglige arbeidsgrupper
- deltaking i andre arbeidsoppgåver som ligg til eininga
Kvalifikasjonar
- utdanning frå universitet/høgskule
- relevant praksis innanfor fagområdet er ein fordel, men ikkje eit krav
- evne til å driva fram utvikling i samsvar med kommunen sin strategi og planar
- gode datakunnskapar
- kjennskap til digitale kartløysningar og relevant programvare er ein fordel
- førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- kunna arbeida sjølvstendig og strukturert
- initativrik og løysningsorientert
- god på samarbeid
- serviceorientert
- god på kommunikasjon, både skriftleg og munnleg
- stor arbeidskapasitet
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04a7e380-ee46-4d46-908f-4ae16cb5973a
- Sist endret
11. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10315722