Hopp til innhold

Dagleg leiar/Verdsarvkoordinator

Arbeidsgiver

Nærøyfjorden Verdsarvpark Sti

Sted

Heradshuset, 5745 Aurland, Aurland

Om jobben

Vestnorsk fjordlandskap vert rekna som eit av dei mest dramatiske og spektakulære landskapa i verda, med nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane. Det storslåtte landskapet har trollbunde besøkande til alle tider.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Daglig leder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. november

Hva vi ser etter

Personlege eigenskapar
  • Du er ein tydeleg og motiverande leiar

  • Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter

  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar

  • Du arbeider strukturert og sjølvstendig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Arbeidsoppgaver

Som dagleg leiar og verdsarvkoordinator får du det overordna ansvaret for drift og utvikling av verdsarvparken. Du vil spele ei sentral rolle i å følgje opp parkplan og strategiar, og i å utvikle gode samarbeid med partnarar og aktørar i regionen.

Stillinga inneber tett dialog med styret, samarbeidspartnarar og offentlege myndigheiter, og krev både strategisk og operativt arbeid.

Arbeidsoppgåver
  • Leiing av den daglege drifta av verdsarvparken

  • Oppfølging og vidareutvikling av parkplan og strategiar

  • Personalansvar for tilsette og prosjektmedarbeidarar

  • Budsjettansvar og økonomistyring

  • Byggje og vidareutvikle samarbeid med kommunar, verksemder, organisasjonar, grunneigarar og lokalsamfunn

  • Søkje finansiering og forvalte tilskotsmidlar

  • Synleggjere verdsarvparken gjennom formidling, kommunikasjon og profilering

  • Arbeide for berekraftig verdiskaping basert på natur- og kulturarv

  • Samarbeid med stiftingar og Norges verdensarv

Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning

  • Erfaring med samarbeid og nettverksbygging

  • God forståing for samspelet mellom vern, næringsutvikling og lokalsamfunn

  • Gode leiareigenskapar og god økonomiforståing

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ein fordel med:

  • Kjennskap til offentleg forvaltning og tilskotsordningar

  • Erfaring med søknadsarbeid og finansiering

  • Kjennskap til regionen og verdsarvområdet

Vi tilbyr

Vi tilbyr
  • Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit internasjonalt verdsarvområde

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom vern og utvikling

  • Moglegheit til å påverke utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv i regionen

  • Eit engasjert fagmiljø og breitt samarbeid med regionale aktørar

  • Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale

Kontaktperson for stillingen

Audun Mo

Ordførar i Lærdal og styreleiar i stiftinga

99205006

audun.mo@laerdal.kommune.no

Om bedriften

Nærøyfjorden Verdsarvpark vart skipa som ei stifting i 2008. Føremålet er å drive samfunns- og næringsutvikling. Utviklingsarbeid, skjøtsel og restaurering bidreg til å ivareta verdsarven og lokal kultur. Verdsarvparken skal vera eit fyrtårn og ein pådrivar med verdsarv som kvalitetsplattform.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

04a4ba59-7a56-46a1-bb82-999676bf206c

Sist endret

29. oktober 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

04a4ba59-7a56-46a1-bb82-999676bf206c

Lignende annonser

Laster lignende annonser