Vil du vere med og forme det neste kapittelet for næringslivet i vår region?
Kunnskapsparken Vestland As
Hafstadvegen 23, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Forretningsutviklar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Vi søker ein lagspelar og nettverksbyggar med interesse og forståing for innovative og kommersielle prosessar. Oppdraget vårt? Å jobbe fram livskraftige og lønsame bedrifter i vår region.
Arbeidsoppgåver:Som tilsett hjå oss vil du inngå i eit sterkt team og få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter. Du vil i stor grad kunne påverke din eigen arbeidskvardag, og du vil få stor tillit og fridom i ditt arbeid.
Saman med kollegaer vil du blant anna:
-
Bidra til å identifisere og evaluere nye forretningsidear i vår region
-
Rådgjeving og oppfølging av innovative oppstartsbedrifter og eksisterande vekstkraftige bedrifter
-
Delta i utvikling og kommersialisering av nye idear og forskingsresultat
-
Initiere, utvikle og leie nye lønsame utviklings- og samarbeidsprosjekt med andre verksemder og innovasjonsmiljø
-
Legge til rette for nettverksbygging og møteplassar
Vi ser etter deg som er initiativrik, løysningsorientert og som får ting gjort!
Det viktigaste for oss er at du er ein som brenn for utvikling, men vi håpar òg at du gjennom nytenking vil utfordre oss som team og våre etablerte rutinar.
Vi ser etter deg som likar å ha med menneske å gjere, og som trivast i den rådgjevande og støttande rolla. Vi trur at du gjennom tidlegare arbeid har utvikla ei solid evne til å «snu deg raskt rundt» når det gjeld, og «halde hovudet kaldt» når situasjonen krev det. Dette er eigenskapar du vil ha god nytte av i arbeidet hjå oss.
I tillegg til dette er du sjølvstendig og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vidare ser vi for oss at du har:
-
God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd.
-
God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk.
-
Erfaring frå prosjektleiing og det å jobbe målretta for å nå høge mål.
-
Høgare utdanning innan innovasjon, leiing eller økonomi kan vere ein fordel -- men ikkje la mangelen på dette hindre deg i å søke.
-
Ein spennande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen
-
Å få vere med å utvikle framtidas næringsliv i ein region med sterk skaparvilje, -- og samtidig bidra til at fleire gründerar og verksemder i distrikta lukkast*.*
-
Stabilitet -- Ein trygg og stabil arbeidsgivar der personleg utvikling er i fokus
-
Kjekk arbeidsplass --Du blir ein del av eit triveleg og sosialt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar. Din kontorstad er i Førde, men vi jobbar på tvers av kommunegrenser og har nedslagsfeltet vårt i heile gamle Sogn og Fjordane.
-
Gode løns- og pensjonsvilkår
-
Fleksibilitet -- Vi har ein fleksibel arbeidskvardag, og du har i stor grad moglegheit til å påverke ditt eige arbeid både når du sit på heimekontor , er ute hos bedriftene eller sit på kontoret ditt på Peak.
Drøymer du om ein jobb der du får bidra til eit betre «i morgon»? Ynskjer du å få lov til å være med å «bygge» og «skape» saman med andre for å legge gode fundament for framtida til regionen du bur i og dei som kjem etter?
Vi ser etter nokon med rett innstilling, og som kan utfylle oss i teamet for nettopp desse oppgåvene. Vi håpar det er deg!
Send oss ein søknad innan 22.06.2025, eller ta kontakt med Kjetil Kvåle (leiar) eller Sigrid Førde (Forretningsutviklar) om du ynskjer ein uforpliktande prat. Følg linken for kontaktinformasjon: https://www.kpvest.no/kontaktOm bedriften
Kunnskapsparken Vestland er eit regionalt innovasjonsselskap med kontor i Førde og Sogndal, som har heile gamle Sognog Fjordane som nedslagsfelt. Våre tre kjerneverdiar handlekraft, samspel og tillit både forpliktar oss og gir oss inspirasjon i vårt arbeid med nyskapande næringsliv.
Vår kjernekompetanse er inkubatorteneste, forretningsutvikling, kommersialisering, prosess- og prosjektleiing, klyngeutvikling og omstilling.
Nettverket vårt består av relevant næringsliv, FoU-miljø, kapital og investormiljø, og andre lokale, regionale og nasjonale innovasjonsmiljø.
Vi kjenner både det politiske miljøet og verkemiddelapparatet godt, og nyttar denne kompetansen for å kunne gi best mogleg hjelp til næringslivet.
I over 20 år har vi bidrege til å få fram framtidas arbeidsplassar, jobbar som gjer regionane attraktive å leve og bu. Det er flott å sjå kva næringslivet i regionane kan få til, berre ein står saman.
Vi legg til rette for vekst i næringslivet og tek lokale idear ut i verda.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04882e3b-5fdc-425b-a932-de1d42914b0c
- Hentet fra
FINN
- Referanse
411078451