Vi søker ein allsidig økonomi - og administrasjonsmedarbeidar
Statens helsetilsyn
Møllergata 24, 0179 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
2025/14 Rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 13. august
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for fagleg tilsyn med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetansebygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
Helsetilsynet står overfor mange og spennande utviklingsoppgåver. Stillinga er forankra i Avdeling for verksemdsstyring som har ei viktig rolle i dette utviklingsarbeidet. Avdelinga har blant anna ansvar for verksemdsstyring, økonomi, HR/personalforvalting, digitalisering og avtaleforvalting for tenester frå Norsk Helsenett og for drift av lokale.
Er du ein allsidig person med erfaring frå økonomiarbeid? Den som blir tilsett vil arbeide i eit lite team som arbeider tett opp mot alle avdelingar, og som ivaretar mange ulike oppgåver. Stillinga har eit tyngdepunkt innan økonomi. God serviceinnstilling og evne til å takle ein hektisk arbeidskvardag er viktige eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
- økonomiarbeid, blant anna handtering av fakturaer og reiserekningar, budsjettarbeid, rapportering og oppfølging av avdelingane
- administrativ og organisatorisk støtte til Tilsynsskulen
- ha oversikt over og medverke i anskaffingar i Helsetilsynet
- andre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- høgare relevant utdanning, minimum bachelornivå og gjerne innan økonomisk-administrative fag
- relevant erfaring med økonomiarbeid frå statleg forvalting
- god digital kompetanse, herunder erfaring med excel
- erfaring frå budsjettarbeid og styringsprosessar
- kjennskap til statleg reknskapstandard (SRS)
- kjennskap til økonomi- og fakturasystemet Unit 4
- god kjennskap til statleg regelverk
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er utviklingsretta og som tar initiativ, som har stor arbeidskapasitet og ei løysingsorientert haldning.
Du må:
- ha evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og sjølvstendig, og ha god gjennomføringsevne
- ha gode samarbeidsevner og trivast med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
- vere nysgjerrig og lærevillig
- ha godt norsk språk, munnleg og skriftleg
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Rådgivar kr 550 000 - kr 710 000. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dagar per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Kontaktinformasjon
Max Demuth, Underdirektør, 90 62 28 72, mad@helsetilsynet.noArbeidssted
Møllergata 240179 OSLO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Statens helsetilsynReferansenr.: 4986137092
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 13.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0465072c-cb44-4b69-8030-8c941cd07329
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40d499e181e642cfbf80ff574e91c310