ID 2112 Sjukepleiarar - Heimebaserte tenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
sjukepleiar, sykepleier, spesialsjukepleiar, spesialsykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Heimebaserte tenester er ein aktiv og spennande arbeidsplass som har eit tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Me er i stadig utvikling og ser blant anna på sjukepleiarteam, årsturnus og moglegheiter for langvakter. Me har som mål å tilby god kvalitet på tenestene innafor gitte rammer. Målet er at fleire bur trygt og godt heime med framtidsretta tenester.
Vår visjon er: <<saman om utvikling og velferd>>.
Me har ledige 5 faste 100% sjukepleiarstillingar, i heimebaserte tenester sin stab. Arbeidstid består av dag og kveld, med arbeid kvar tredje helg.Avdelingane Vest, Sentrum og Nord er geografiske inndelte mens avdeling Demens strekkjer seg over heile kommunen. Me utfører tenester etter vedtak og har stor variasjon i arbeidsoppgåvene -- ingen dag er lik, og du får brukt alle sider av sjukepleiarkompetansen din. Du må løyse ulike problemstillingar, både praktiske og mellommenneskelege og da som regel i andre sine heimar. Det krev kreativitet og gode evner til å tilpasse seg ulike menneske og situasjonar. Me oppfordrar også sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna sommaren 2024 til å søkja.
Arbeids- og ansvarsområde:- Du yt pleie og omsorg etter vedtak og ivaretar sjukepleiefagleg ansvar for heimebuande brukar.
- Du har eit engasjement for å bidra til at våre innbyggjarar skal få bu heime så lenge som mogleg.
- Du likar å arbeide sjølvstendig og i team, og klarer å omprioritere arbeidsoppgåver etter det uforutsette som kan oppstå.
- Samhandling med pårørande, leger, sjukehus og andre samarbeidspartner er ein naturleg del av arbeidsoppgåvene.
- Du likar å halde deg fagleg oppdatert og kan rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar.
- Du er trygg på ditt kompetanseområde, nysgjerrig på nye oppgåver og har ein positiv innstilling.
- Me ser fram til å få deg med på laget.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna sommaren 2024
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Språkprøve B2 må være avlagt og bestått for søkjar utanfor Skandinavia
- Førarkort klasse B
- Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må framleggas ved oppstart.
- Sjukepleiarar i Heimebaserte tenester vert lønsplasserert inn, kr 25.000 over hovudtariffavtalens gjeldande garantilønssatsar
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Gina Kittilsen tlf: 975 52 169
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2488218
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
042f5b79-99ca-4701-8db0-df8b4cf641bf