Sjukepleiar - 80% fast
Eining for velferd, Nissedal kommune
3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver og kolleger rundt deg, som bidreg til fagleg og personleg utvikling ? Ein av våre dyktige sjukepleiarar har gått over i anna stilling og me søkjar difor hennar etterfølger.
Heimetenesta i Nissedal kommune har stort fokus på tenesteutvikling og held på med mykje spennande som til dømes gode pasientforløp og tiltakspakke demens.
Heimetenesta leverer tenester til heimebuande og driftar korttidsavdelinga i kommunen. Me har per i dag 3 korttidsplassar til rehabillitering og avlastning.
Eininga har årsturnus, kor du er med å lage din eiga turnus utfrå dine behov. Du kan velge mellom ulike vaktlengder.
Me ynskjer å ha deg med på laget og håpar at DU søkjar på stilinga.
Arbeidsoppgåver
- Gi helse og omsorgstenester til heimebuande
- Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som til dømes tenestekontoret og spesialisthelsetenesta og syte for fagleg forsvarlege tenestar
- Systematisk oppfylging av brukarar
- Dokumentasjon og medikamentadministrasjon er sentrale oppgåver i stillinga
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Ynskjeleg med erfaring/ vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- Førarkort kl. B
Personleg egnahet vektleggjast
Personlege eigenskapar
Du er:- Positiv og samarbeidsvillig og behandlar brukarar, pårørande og kolleger med respekt
- Fleksibel og løysingsorientert
- Jobbar sjølvstendig og taklar utfordrande situasjonar samstundes som du har gode samarbeidsevner
- Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenester og eit godt arbeidsmiljø
- Trivast med varierte arbeidsoppgåver
- Utøvar god sjukepleie med fagleg forsvarlegheit i fokus
- God på rettleie og motivere andre
- Stabil og har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finn gode løysingar saman
- Moglegheit for kompetansehevande tiltak gjennom vidareutdaning og intern kompetanseheving
- Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Hannelore Skeimo, Kommunalsjef velferd, +47 92462619Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4902711302
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 21.01.2025
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2826029
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c41e56fcd3494100a6ac376c93f4f74d