Hopp til innhold

Familiehjelpa

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Familiehjelpa

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Kommunepsykolog for barn og unge
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Om avdelinga:

Familiehjelpa er eit lågterskeltilbod for barn, unge og familiar som opplever psykiske eller relasjonelle utfordringar. Tenesta arbeider førebyggjande og behandlande, og legg vekt på tidleg innsats og tilgjengeleg hjelp.

Familiehjelpa samarbeider tett med helsestasjon, barnehage, skule og andre kommunale tenester for å gi heilskapleg oppfølging til barn, unge og føresette. Hos oss vil du bli del av eit tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer som arbeider saman for å styrke psykisk helse hos barn og unge i kommunen.

Som kommunepsykolog i Familiehjelpa vert du ein del av eit psykologfellesskap med til saman fire psykologar. Psykologane arbeider tett saman med resten av eininga i det førebyggjande arbeidet retta mot barn og unge i Øygarden.

Arbeidsoppgåver:

  • Samtalar og behandling av barn og unge med lette til moderate psykiske vanskar
  • Rettleiing og oppfølging av føresette og familiar
  • Planlegging og gjennomføring av gruppetilbod for barn, unge eller føresette
  • Konsultasjonstid på helsestasjon
  • Tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage, helsestasjon og andre relevante tenester.
  • Rettleiing av tilsette frå eigen og andre kommunale tenester

Kvalifikasjonar:

Må ha:


Norsk psykologautorisasjon

Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge og frå tverrfagleg samarbeid
  • Erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta
  • Erfaring med grupper
  • Erfaring med rettleiing av andre faggrupper
  • Psykologspesialist
Eigenskapar:

Gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg arbeid
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Engasjement for førebyggjande arbeid og tidleg innsats
Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Anna: 

Stillinga er 100% fast

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontaktperson: Einingsleiar Annette Henden mobil 977 06 783

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Annette Henden

+47 977 06 783

annette.henden@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

042544ec-1d3f-4af1-abc5-dec7c2893535

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3657255_249289_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser