PSYKOLOG
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Ettersom ein av dei dyktige psykologane våre går ut i permisjon snart, søkjer me no etter psykolog til eit vikariat i 100% ved allmennpoliklinikken, med moglegheit til forlenging. Søknader vert handtert fortløpande.
Som psykolog hjå oss får du god tid til pasientretta arbeid og du blir del av eit tverrfagleg team med dyktige fagpersonar. Allmennpoliklinikken består av psykologar og psykologspesialistar, overlegar, legar i spesialisering, sjukepleiarar, psykomotorisk fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom og sekretærar. Psykologspesialistene hjå oss har videreutdanning i emosjonsfokusert terapi og ISTDP, og dei fleste tilsette har ein eller fleire videreutdanninger/kurs i spesifikke metodar som MBT, CBT, CBT-E og EMDR. Du vil få tilbod om å starta på eit spesialiseringsløp i klinisk vaksenpsykologi med veiledning, og me legg til rette for at psykologene våre får høve til å gjennomføre nødvendig praksis på døgnavdelinga vår, samt praksis med barn og unge via eit samarbeid med BUP Voss. I tillegg får du halde deg fagleg oppdatert gjennom faste internundervisningar og kompetanseheving i tråd med kompetanseplanen for poliklinikken.
Ettersom me er eit privat eigd senter, er det korte avstander mellom administrasjonen og behandlarane, og me samarbeider tett og godt. Me har faste behandlarmøter, eigne psykologmøter og er delt opp i to faste team med god tid til å drøfte saker og problemstillingar.
Hjå oss legg me vekt på å ha opne dører og tek godt imot nye tilsette. Som eit mindre senter lærer me kvarandre å kjenna og arbeidsmiljøet vårt er svært godt! Alt frå faglitteratur til fjellsport blir diskutert over ein utsøkt lunsj laga av dei dyktige kokkane våre. Når vêret tillèt det nyt me gjerne lunsjen ute i sola.
Som tilsett blir du godt kjent med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement. Med toget kjem du deg enkelt og miljøvennleg til både Oslo og Bergen.
Det er moglegheit for å få deler av reisetida inkludert i arbeidstida ved pendling og me har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
Du - fagleg engasjert, varm og trygg i møte med andre menneske!Har du norsk autorisasjon som psykolog, ønskjer å spesialisere deg innan vaksenpsykologi, trives med ein sosial gjeng og er glad i travle dagar, kan du vera akkurat den me ser etter. Då du i stor grad styrer din eigen kvardag er det viktig at du er strukturert, kan planleggja godt og toler å stå i krevjande situasjonar. For å trivast hjå oss er det viktig at du liker tverrfagleg arbeid. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me oppfordrer menn til å søke.
Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil me gjerne høyra frå deg! Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt.
Arbeidsoppgåver-
Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med eit vidt spekter av psykiske lidingar av moderat til alvorleg grad.
-
Tverrfagleg samarbeid internt og samarbeid med fyrstelinja.
-
Dokumentasjon ihht. interne og eksterne retningslinjer og krav.
-
Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
-
Veiledning av fyrstelinja.
-
Norsk autorisasjon som psykolog.
-
Relevant klinisk erfaring er ønskeleg.
-
Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
-
Gode samarbeidsevner.
-
Løn etter avtale.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
-
Moderne lokale.
-
Fleksitid.
-
Eit godt arbeidsmiljø (dokumentert).
-
Jamnlege sosiale arrangement.
-
Høgt fagleg nivå.
-
Fagleg og personleg utvikling.
-
Moglegheit for deler av reisetid i arbeidstid ved pendling.
**Søknadsfrist:**snarast.
**Tiltredingsdato:**etter avtale.
Ved spørsmål om stillinga kan du kontakta:-
Anders Christensen, avdelingsleiar poliklinikkane, tlf: 56514000.
-
Bjørg Synnøve Aasan, teamleiar allmennpoliklinikken, tlf: 56514000.
Om bedriften
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland, Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar.
Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04205f71-cf12-455e-b457-4fbf055d44cb
- Hentet fra
FINN
- Referanse
423163602