Vil du bli ny fagarbeidar ved Skulestad skule?
Voss herad Skulestad skule
Strandavegen 334, 5710 Skulestadmo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Skulestad skule har ledige ein eller fleire faste stillingar som fagarbeidar frå hausten 2025.
Stillinga er 100 % i skuleåret. På grunn av lengre feriar (haust-, jul- og vinterferie) vert løna justert til 89 %.
Skulestad skule er ein barneskule som ligg omlag 4 kilometer nord for Voss sentrum. Han har om lag 180 elevar og kring 35 tilsette. Skulen ligg tett på naturen, med fjella Lønahorgi og Hanguren, Melsvatnet og alpinanlegget Bavallen i nærleiken. Skulen jobbar kontinuerleg for å ha ein skulekultur som fremjar læring, trivnad og likeverd. Skulen har ei eiga avdeling, ASK, som er retta mot elevar som treng særskilt tilrettelegging, og ASK kan vise til gode resultat i arbeidet med desse borna.
Skulen har eit stort uteareal med eigen sykkelbane, ballbinge, fotballbanar, basketbane, grindbygg og leikeareal. Me legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet, og uteundervisning er ein viktig del av skulekvardagen. Hos oss blir du ein del av eit miljø der alle kjenner kvarandre, og der det er korte vegar mellom idear og handling.
Kvalifikasjonar
• fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar (andre relevante utdanningar kan også bli vurdert)
• erfaring med å jobbe med barn og unge
• erfaring frå skule eller SFO
Personlege eigenskapar
Trivsel og samarbeid står sterkt hjå oss. For å trivast i stillinga bør du:
• ha god fagleg kompetanse og vere god på relasjonsbygging
• vere positiv, fleksibel og løysingsorientert
• trivast med teamarbeid og samarbeid med ulike faggrupper
Me ser etter deg som møter elevane med varme, ro og tryggleik, og som er tydeleg og til stades i kvardagen
Arbeidsoppgåver
• støtte elevar i undervisninga
• bidra i planlegging og gjennomføring av aktivitetar som fremjar læring
• støtte elevane i leik og sosialt samvær
• jobbe med spesialundervisning for enkeltelevar
• vere ein omsorgsfull og trygg rollemodell
• arbeide på SFO
• samarbeide tett med kontaktlærarar og andre fagpersonar
• arbeide med faglege og sosiale mål individuelt og i små grupper
• personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
Me tilbyr
• gode høve for fagleg utvikling
• eit svært godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
• gode pensjons- og forsikringsordningar
• eit inkluderande og støttande kollegium
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
041b2e7b-9385-4273-aeeb-569d203d6a54
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3530577_212643_nn