Barnehagelærar - 100 % fast st. Rabbevågen barnehage
Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund midtre
Vegsundvegen 62, 6020 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar 100 % fast stilling Rabbevågen barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
100 % fast stilling i Rabbevågen barnehage frå 01.08.2026.
Rabbevågen barnehage ligg idyllisk til i bydelen Vegsund i Ålesund, med det flotte turområdet på Stafsethneset som eit av våre faste turmål.
Barnehagen har 63 barn fordelt på fire avdelingar. Dei tilsette skal vere nære, varme og trygge og ha fokus på barns trivsel, leik, læring og danning.
Språk og natur ligg vårt hjarte nærmast og vi kombinerer gjerne desse med andre fagområder. Vi har også fokus på det kompetente barnet, vi vil vere støttande stillas for borna slik at dei utviklar seg til å bli robuste og sjølvstendige.
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar og pedagogisk leiar har ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i si barnegruppe i nært samarbeid med andre tilsette.
Barnehagelærar har også eit medansvar i foreldresamarbeid og samarbeid med andre instansar.
Kvalifikasjonar
- For stilling som barnehagelærar og pedagogisk leiar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- God IT-kunnskap og forståing.
- Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
- På grunn av personalgruppas samansetning oppfordrast menn til å søke.
- Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein medarbeidar som:
- har solid kunnskap om barns utvikling og behov
- er opptatt av barns rett til medverknad og involvering
- evner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
- har gode samarbeidsevne og kommunikasjonsferdigheter og er ein lagspelar
- trivast i ein aktiv kvardag med barn, og takle stress og høgt arbeidspress i periodar
- er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre
- er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- vere open for å jobbe både på småbarn og storbarnsavdeling
- kan arbeide sjølvstendig med pedagogisk arbeid og planverk i tråd med Lov om barnehager
- evner å bidra til eit godt foreldresamarbeid
- personlege egenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit utviklande, allsidig og lærande miljø i ein barnehage nært naturen.
- Barnehagen deltek i eit pedagogisk utviklingsarbeid ilag med andre kommunale og private barnehagar i Ålesund kommune.
- Miljøsertifisert barnehage.
- God pensjonsordning og løn etter gjeldande tariff.
Kontaktinformasjon
Marthe Lundemo, Verksemdsleiar, 415 18 135, marthe.lundemo@alesund.kommune.noArbeidsstad
Vegsundvegen 626020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5099190557
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0401f5b4-b0e2-4524-aefd-092e0b141a62
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9c1b73f78ae347248b2c6a9ed18038db