Hopp til innhold

Helsefagarbeider i heimetenesta- 81,46% fast stilling

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider i heimetenesta- 81,46% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

I heimetenesta er det ledig 81,46% fast stilling som helsefagarbeider. Det kan også blir fleire ledige stillingar.

Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun, der fleire helse- og omsorgstenester er samla. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

 

Vi ser fram til å høyre frå deg! 


Arbeidsoppgåver

  • Heimetenesta gjer tenester til brukarar i omsorgsbustader og i private heimar rundt om i bygda
  • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
  • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring
  • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
  • Tverrfaglig arbeid med rehabilitering og kvardagsmestring i tenesteområdet

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar
  • Det er det krav om førarkort klasse B
  • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgtjenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

  • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
  • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar 
  • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknolog
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

 
  • 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg
  •  Nødvendig opplæring og rettleiing
  •  Kompetanseheving
  •  Opplæring i fagsystem
  •  Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  •  Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Åse Bolstadbråten, Avdelingsleiar Heimetenesta, +47 90836809

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5186036853
Stillingsprosent: 81,46%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Åse Bolstadbråten

Avdelingsleiar Heimetenesta

+47 90836809

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

03dceef6-093d-4a37-9475-4e761854cbae

Sist endret

12. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

83e2696b4f0f488e9ddb4c9aa67f0573

Lignende annonser

Laster lignende annonser