Hardanger og Voss museum søkjer ny einingsleiar for fartøyvern til Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger og Voss museum
Sandvenvegen 56A, 5600 Norheimsund
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar for fartøyvern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Fartøyvernet er i stadig utvikling, og som kompetansesenter og restaureringsverft ønskjer me å bidra til høgt kulturvernfagleg nivå, i samråd med nasjonal og regional forvalting sine retningslinjer, planar og forventningar. Som einingsleiar for fartøyvern vil du få stor grad til å påvirke dette arbeidet, saman med dei andre einingane ved HFS og 20 dyktige handverkarar, lærlingar og prosjektleiarar.
Du vil rapportere til avdelingsleiar ved Hardanger fartøyvernsenter. Arbeidsstad vil vera i Norheimsund. Ein må rekna med noko reiseaktivitet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som einingsleiar for fartøyvern vil ein sentral del av rolla dreie seg om å skaffe, utvikle og og forvalte oppdrag og prosjekt. Du vil få hovudansvar for å opprette kontakt og samarbeid opp mot potensielle oppdragsgjevarar og brukarar. Kjernen i verksemda er restaureringsoppdrag over heile landet. Vidare vil du få ansvar for å planlegge og gjennomføre dokumentasjonsprosjekt med blant anna synfaring, oppmåling, kjeldegransking, fotografering, filming og utarbeiding av sluttrapporter.
Andre oppgåver vil vera
- budsjett- og rapporteringsansvar for eininga
- personalansvar for om lag 20 tilsette inkludert lærlingar
- legge til rette for at prosjekt kan bli gjennomført i tråd med dokumentasjonsmaterialet
- ansvar for å samarbeide til det beste for heilskapen og felles mål for HVM og HFS
- bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø, og følgje opp HVM/HFS sine mål når det gjeld HMS og miljøpolitikk
- samhandle og bygge nettverk med andre liknande organisasjonar
- bidra til intern og ekstern kompetanseheving innan fartøyvern, ved å arrangere kurs og foredrag ved HVM/HFS
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper
Me søkjer deg som har kjennskap til vår bransje og interesse for bevaring av kulturminne. Har du hatt liknande leiarstillingar innanfor bransjen tidlegare er det ein fordel, men ikkje noko krav. Det er ønskjeleg at du er god på å skape relasjonar, er imøtekomande, fleksibel og lydhøyr, og ønskjer utvikling.
Elles vil det vere ein fordel om du også har
- høgare utdanning innan relevante studieretningar
- bakgrunn innan relevant handverksfag
- forståing for økonomi og budsjettering
- gode lese- og skriveferdigheiter på norsk og engelsk
- god kjennskap til kulturvernfeltet og eit relevant nettverk
Som einingsleiar for fartøyvern vil du ha ei brei kontaktflate og samarbeide tett med dei andre einingsleiarane og kolleger, i tillegg til andre samarbeidspartnarar. Det er difor viktig at samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter er gode, også på tvers av fagområde og ulike prosjekt.
For HVM og HFS er talent, nysgjerrigheit og lærevilje viktigast. Dersom du har ein spisskompetanse på noko av det me er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønske om å utvikla deg vidare, oppmodar me deg til å visa interesse for stillinga.
Kvifor Hardanger og Voss museum?
- Me tilbyr ei spennande og viktig stilling i ein kulturinstitusjon med stor tru på framtida.
- Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen og vårt oppdrag i samfunnet.
- Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og mogelgheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna.
- Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Søknadsfrist: 25. august 2024 - me vurderer søknader fortløpande.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarane
- Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
- Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056
Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjarar) . Tiltreding etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon
Fredrik Deilkås, Rådgiver, 984 72 541, fad@hamnoy.noJohanna Grindhaug, Research & analyse, 959 33 056, jg@hamnoy.no
Arbeidssted
Sandvenvegen 56A5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Hardanger og Voss museumReferansenr.: 4837738871
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2024
Om bedriften
Hardanger og Voss museum (HVM) er eit konsolidert museum samansett av Hardanger folkemuseum, Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso. Museumsavdelingane har stor tematisk breidde, frå kulturhistorie til kunst og fartøyvern.
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er eit nasjonalt fartøyvernsenter, museum og avdeling i HVM. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden. HFS er ei nyskaping i norsk samanheng, med satsing på fartøyvern, leirskule, reiseliv, museum, formidling til born og unge, fagopplæring og vern av gamle handverkstradisjonar. Om lag 40 personar arbeider no ved HFS, mellom anna båtbyggjarar, reipslagar, tømrar og smed.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2699550
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23f4736270a845a485022527f839e416