Lærling energimontør
Sygnir AS
Vik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling energimontør
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Lærling energimontør
Bli lærling i Sogn sitt største nettselskap!
Energimontørar har mange og varierte arbeidsoppgåver som omfattar å bygging, drift og vedlikehald av kraftnett, samt rette feil på linjer, kablar og transformatorar. Me har ledige lærlingplassar på montørbasane i Vik, Balestrand, Aurland og Sogndal. Det kan vere aktuelt på basen i Lærdal.
Kvalifikasjonar
- Du må ha bestått eksamen på VG2 elenergi, seinast juni i 2025.
- Du har førerkort klasse B, eller planlegg å ta det snarast etter at fylte 18 år.
Personlege eigenskapar
- Du har fokus på helse, miljø og sikkerheit (HMS) i lag med kollegaene dine.
- Du tek ansvar for eigen læring og utvikling
- Du bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Du viser gode samarbeidsevner og fleksibilitet
Me tilbyr
- Ei spennande læretid med varierte arbeidsoppgåver innan heile breidda av energimontørfaget, i ein bransje i kontinuerleg utvikling.
- Eit aktivt og kompetent miljø med flinke og kjekke kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ordna løns-, arbeids- og forsikringsvilkår
- Fagbrev som vil styrke di stilling på arbeidsmarknaden og gjev deg moglegheiter for vidare utdanning
Me oppmodar spesielt kvinner til å søkje på alle våre stillingar i selskapet. Me har god erfaring med kvinnelege lærlingar, og legg til rette for at det skal fungere godt for begge partar.
Om du har spørsmål ta kontakt med
- Vik/Balestrand: baseleiar Ørjan Lunde Undi på tlf. 99 44 94 02
- Sogndal: baseleiar Erling Sperle på tlf. 95 13 09 79
- Aurland/Lærdal: baseleiar Hans- Erik Vikøren på tlf. 99 09 90 43
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Om bedriften
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse?
Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me over 160 ihuga medarbeidarar.
Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift.
Me i Sygnir er over 80 medarbeidarar. Arbeidsstad er ved hovudkontoret i Vik, eller ved våre andre lokasjonar i Lærdal, Aurland, Balestrand og Sogndal. Me har tru på ei framtid som etterspør rein energi. .
Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
KarrieresideSektor
Privat