Har du gartnarbakgrunn og trivst me då jobbe ute?
Sogndal kommune Veg og grøntanlegg
Parkvegen , 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. april
Sogndal kommune ser no etter ein anleggsgartnar som vil vera med på å gjera uteområda våre vakre, trygge og funksjonelle – til glede for både små og store sogningar. Likar du å sjå resultat av jobben du gjer? Har du sans for kvalitet og trivst med fysisk arbeid i frisk luft? Då kan dette vera jobben for deg.
Arbeidsoppgåver
Som anleggsgartnar hjå oss får du ein variert og meiningsfull kvardag med oppgåver som:
- Ha oversikt over kommunen sine grøntareal, og drifte desse
- Iverksetje og administrere naudsynte oppgraderingar av grøntanlegg
- Organisere sesongarbeidarar og følgje dei opp
- Anna arbeid innan veg- og grøntavdelinga kan bli aktuelt – spesielt utanom vekstsesongen og om vinteren
Dette er ei stilling der du verkeleg får brukt både fagkunnskapen og organiseringsevna di – og der du ser resultat av arbeidet kvar einaste dag.
Heile kommunen som arbeidsområdeDu vil ha tilsyn, kontroll, drift og vedlikehald av grøntanlegg i heile kommunen, og må regne med å farte litt rundt. Reising skjer i utgangspunktet i arbeidstida, og du vil ha tilgang på kommunal bil.
Kven er du?Me ser etter deg som:
- Har gartnarutdanning eller fagbrev som anleggsgartnar, eller relevant erfaring
- Har førarkort klasse B (BE er ein fordel)
- Har maskinførarbevis (M2) eller er villig til å ta det
- Er sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeida
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Ein jobb der du verkeleg får bruka fagkunnskap og praktiske evner
- Varierte dagar ute i frisk luft – i ein kommune med mykje natur og stor spennvidde i oppgåvene
- Gode kollegaer og eit arbeidsmiljø der du har stor påverknad på eigen arbeidskvardag
- Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Arbeidsstad
Driftsavdelinga i Sogndal kommune – du vil arbeida rundt i heile kommunen, men ha base og oppmøtestad i Sogndal.
Mangfald og tilretteleggingMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send inn søknad og CV via søknadsportalen vår. Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2897359
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3482487_194691_nn