Pedagogisk leiar i Rogne barnehage
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar i Rogne barnehage
Antall stillinger
4
Rogne Barnehage er ein 3 avdelings barnehage, godkjend for 110 plassar. Me har lokaler som vart teke i bruk hausten 2015. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug. Visjonen til barnehagen er; "For Barna".
Me har ledig:
60% fast stilling frå 01.08.23
200% vikariat frå 11.09.23 - april/mai 2024
I tillegg har me inntil 220% vikariat 15. august-31.desember, med moglegheit for forlenging og evt fast tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
- Pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane
- Foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Søkjarar under utdanning, eller med annan relevant 3-årig utdanning, kan bli vurdert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
- Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
- Ha humor og glede, påliteleg
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ønskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf offentleglova §25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar, +47 95733837Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4668842080
Stillingsprosent: 80, 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.06.2023
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2353951
- Hentet fra
talentech
- Referanse
837585b48941401390237be9b86f9dce