Er du vår nye jobbspesialist?
Nav Kinn
Hans Blomgate 39, 6900 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Jobbspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. april
Er du energisk og uredd? Har du trua på at det finst ein jobb for alle? Er du interessert i næringslivet? Då kan dette vere jobben du leiter etter. Vi har no ledig fast stilling som jobbspesialist ved Nav Kinn.
Vi ser etter deg som både trivst når det er mykje å gjere, og som omstiller deg og finn løysingar når ting ikkje går heilt etter planen. I denne stillinga vil du få mogelegheit til å vere mykje på farten ute av kontoret for å knytte kontakter og bygge relasjonar til både deltakarar og arbeidsgivarar. Som jobbspesialist blir du del av tiltaket Arbeid med støtte (AMS) og vi jobbar etter metoden Supported employment (SE). Du vil få jobbe med menneske i alderen 16 - 67 år, der ungdom er ei særleg prioritert målgruppe. Jobbspesialisten hjelper menneske med ulike utfordringar med å kome i arbeid eller utdanning, samt å klare stå i arbeid.
Stillinga vil vere knytt til eit team med andre jobbspesialistar. Teamet består av jobbspesialistar frå kontora Nav Kinn og Nav Sunnfjord og Ytre Sogn. I teamet inngår eigen metoderettleiar som gjev fagleg oppfølging. Som jobbspesialist får du i stor grad påverke korleis arbeidskvardagen din er, med eit stort handlingsrom og fleksibel arbeidskvardag. Du vil vere del av eit triveleg arbeidsmiljø med ein raus gjeng av gode kollegaer.
Fast oppmøtestad er kontoret i Florø, men du må påregne å jobbe ca. ein dag i veka i Måløy for å følge opp deltakarar der.
Arbeidsoppgåver
- Følge opp jobbsøkarar og rettleie dei i å finne interesser og ferdigheiter som kan nyttast i arbeid eller utdanning
- Aktivt vere ute i næringslivet for å oppsøke bedrifter og bygge relasjonar
- Jobbe kontinuerlig med ca. 20 deltakarar
- Fokusere på å sjå moglegheiter for arbeid, trass i helseutfordringar
- Gi jobbstøtte til kandidat og arbeidsgivar, også så lenge det er ønskeleg etter tilsetting
- Dele kunnskap om og kjennskap om næringslivet til samarbeidspartar og kollegaer
- Registrere og dokumentere i fagsystema til Nav, samt rapportere oppnådde resultater
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- Kjennskap til arbeidsmarknaden og lokalt næringsliv
- Erfaring frå relasjonsarbeid og å jobbe med menneske
Vi ser etter deg som
- Har trua på at alle menneske, trass i helseproblem eller andre utfordringar, kan få og behalde ein vanleg jobb
- Har evne til å jobbe resultatorientert, og samstundes vere oppteken av god kvalitet
- Er tålmodig, liker å bygge relasjonar og skape motivasjon
- Er god på å kommunisere med andre menneske
- Er ein lagspelar, som kan dele erfaringar i teamet
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb i eit innovativt og endringsvillig arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientering
- Opplæring i til dømes Supported Employment-metodikk
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Løn i stillingskode 1434 rådgivar i lønnsspenn frå kr. 570 000 til kr. 630 000 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Lene Ullaland Veka, Avdelingsleiar, 413 77 182, lene.ullaland.veka@nav.noArbeidsstad
Hans Blomgate 396900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4949217725
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2913636
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f2a1442b3200452c9d0d505e60a5dede