Driftsoperatør
Aurland kommune
Onstadvegen 5, 5745 Aurland
Om jobben
Stillingstittel
Driftsoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Me har ledig fast 100% stilling som driftsoperatør. Vi søkjer etter deg som har eit ynskje om å vere med på laget og drifte Aurland kommune sine vegar, parkeringsanlegg og andre anlegg. Stillinga ligg under kommunalområdet samfunnsutvikling, avdeling teknisk drift.
Driftsavdelinga har 10 tilsette som driftar ansvarsområder som: kommunale bygg, uteområde, kommunale vegar, parkar, vatn og avløp. Driftsoperatøren inngår i eit arbeidslag, der arbeidsoppgåvene vert fordelt etter kompetanse.
Frammøte er ved brannstasjonen \ rutebilstasjonen, der driftsavdelinga har hovudbase.
Arbeids- og ansvarsområde
Driftsoperatør inngår i eit team med ansvar for områda som veg- og parkordninga driftar, der arbeidsleiar veg er leiar.
Desse arbeidsoppgåvene ligg til stillinga:
- generell oppfølging, utvikling, drift og vedlikehald av kommunen sine vegar, parkeringsareal, parkar, anlegg og friluftsområde.
- delta i vaktordning for snøbrøyting.
I tillegg bør du vere villig til å delta i Aurland brannvern.
Me tilbyr
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter tariff
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen (etter kl. 20.00)
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- fagbrev innan mekaniske fag
- andre fagbrev eller anna utdanning kan vere relevant
- erfaring med bruk av relevant utstyr og maskiner
- førarkort for personbil og traktor, i tillegg er det ønskeleg med førarkort for tyngre køyretøy
Personlege eigenskapar
Me håpar du har desse eigenskapane:
- er serviceinnstilt
- er god på praktisk problemløysing
- er kreativ og nytenkande
- har gode samarbeidsevner
- har godt humør og "stå på" vilje
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted