Misjonskonsulent i 50% vikariat
Det Norske Misjonsselskap
6011 Ålesund
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Misjonskonsulent (50% vikariat) i Region Møre - NMS
Er du engasjert, omgjengeleg og brenn for misjon?
Bli med på laget i Det Norske Misjonsselskap (NMS) og ver med på å gjere ein forskjell! Vi søkjer ein dyktig misjonskonsulent til 50% vikariat i vår region Møre, som omfattar Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.
Om stillinga:
Som misjonskonsulent i Region Møre vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, engasjere og følgje opp frivillige. Du vil samarbeide tett med tilsette i NMS, NMSU, NMS Gjenbruk og Kjeldsund leirstad for å legge til rette for både nye og eksisterande misjonsfellesskap og eit levande og vitalt frivillighetsarbeid i regionen. Arbeidet ditt vil bidra til å gjere misjonsarbeidet meir synleg og engasjerande i regionen, og du vil vere med på å formidle viktige misjonsbodskap til ulike målgrupper.
Arbeidsoppgåver:
- Rekruttering og oppfølging: Rekruttere, kurse og følgje opp frivillige og frivillighetsteam som ynskjer å bidra til misjonsarbeidet.
- Tilrettelegging av fellesskap: Støtte eksisterande misjonsforeiningar og leggje til rette for nye småfellesskap (misjonsforeiningar).
- Formidling: Forkynne og formidle misjonsinformasjon på ulike arenaer, og bidra til å synleggjere NMS sitt arbeid.
Vi ønskjer deg som har:
- Relevant utdanning og erfaring med leiing av frivillige
- Misjonsengasjement, stor relasjonell kapasitet og god formidlingsevne.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
- God kjennskap til kyrkje- og organisasjonsliv
- Erfaring med administrative oppgåver og bruk av dataverktøy.
Kva kan vi tilby?
- Ein spennande og variert arbeidskvardag i ein internasjonal organisasjon
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Moglegheit for heimekontor etter avtale
- Løn etter NMS sitt regulativ
Forventningar til deg:
- Søkjaren må disponere bil, då reising i regionen er ein naturleg del av stillinga.
- Søkarar må vere personleg eigna for stillingane.
- Du må kunne identifisere deg med NMS sine grunnsyn.
Om NMS:
Det Norske Misjonsselskap (NMS) er ein av Norges største misjonsorganisasjonar, og vi samarbeider tett med Den norske kyrkja. I NMS er målet vårt å skape eit verdig liv og eit varig håp ved å dele tru, utrydde fattigdom og bekjempe urettferd. I NMS blir du ein del av eit verdsomspennande fellesskap.
Vikariatets varighet vil være frem til september.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson for stillingen
Silje Sjøtveit
97541299
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
03aa5d43-290a-4351-913c-0369806bb65b
- Sist endret
15. januar 2026
- Hentet fra
varbi
- Referanse
893407
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Det Norske Misjonsselskap
Sted
Ålesund
Diakonimedarbeider
Arbeidsgiver
ÅLESUND OG VOLSDALEN MENIGHETSPLEIE
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund