Avdelingsleiar for førebyggjande tenester
Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar førebyggjande tenester i Samnanger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 22. august
Om stillinga
Er du vår nye avdelingsleiar for førebyggjande tenester?
Førebyggjande tenester skal vere eit "kraftsenter" i kommunen og innbyggjare skal få den hjelpa dei treng på èin stad. I avdelinga ligg helsestasjon, jordmortenesta, fysio-ergoterapitenesta og Samnangerhjelpa.
Samnangerhjelpa er eit lågterskeltilbod for barn, ungdom, gravide, foreldre og vaksne. I Samnangerhjelpa er mellom anna kommunepsykolog, familierettleiarar og psykisk helsearbeidarar. Me ynskjer å yte heilheitlege og tilgjengelege tenester på tvers av einingar. Når ein innbyggjar tek kontakt med Samnangerhjelpa skal ein oppleve at ein er komen rett og får den hjelpa ein treng.
Me ser etter deg som vil koordinere og utvikla dette tilbodet.
Avdelinga er organisert i eining for livsmeistring saman med barneverntenesta, NAV og flyktningetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for fag, personal og budsjett i avdelinga
- Koordinere og utvikle Samnangerhjelpa
- Gi tiltak til brukarar
- Funksjon som kommuneombud
- Ansvar for sakshandsaming og forvaltning knytt til fritidskontaktar og avlastarar i kommunen
- Ansvar for implementering av BTI og sikre arbeid med koordinator og barnekoordinator
- Gi råd og rettleiing
- Sikra at kvar enkelt får behandling og oppfølging i tråd med gjeldande lover og forskrifter
Kvalifikasjonar
Krav- Minimum tre-årig helse- eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet, andre med relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Kunnskap om offentlege helse-, omsorgs- og velferdstenester
- Kjennskap til aktuelt lovverk
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Førarkort klasse B
- Erfaring med koordinering og vedtaksskriving
- Rettliingskompetanse, EFST, COS, Marte Meo eller anna kunnskap/erfaring frå målretta miljøarbeid
- God digital forståing
- Kjennskap til BTI-modellen
- Evne til å arbeide ut i frå eit familieperspektiv
- Relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar
- Stort engasjement for brukargruppa
- Relasjonskompetanse og god samarbeidsevne
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Kunne leia og motivere medarbeidere
- Fleksibel og open for nye utfordringar
- Evne til å gå inn i den vanskelege samtalen
- Det blir lagt stor vekt på å vere personleg eigna for stillinga
Me tilbyr
- Positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
03a6d1e6-4f39-49ed-a6c3-baf23a68139e
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258746