Me treng deg. Kanskje du treng oss òg?
Årdal kommune Barnehage
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Me treng gode medarbeidarar i barnehagane i Årdal
Det er ledig både faste stillingar og vikariat som barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.
Kvalifikasjonar
Til stilling som barnehagelærar vert det krevd utdanning som barnehagelærar. Det er òg ynskeleg å tilsette fleire med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Du må ha god norsk kunnskap både munnleg og skriftleg. Godkjend politiattest.
Som tilsett i barnehagane hjå oss har du ansvar for:
- omsorg til kvart einskild born og barnegruppa
- å delta aktivt i leik og aktivitet saman med borna
- å halda deg fagleg oppdatert og dele kunnskap med kollega
- å vera ein god rollemodell og rettleiar
- å bida til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for borna og kollega
- å bidra til eit godt foreldresamarbeid
Me ynskjer deg som er:
- glad i å arbeide med barn
- god på kommunkasjon og samarbeid
- målbevisst og strukturert
- fagleg engasjert
- initiativrik
- motivert til å jobbe i eit miljø med høgt aktivitetsnivå
Som tilsett hjå oss tilbyr me:
- meingsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- trivlege og fagleg dyktige arbeidskollega og gode born
- barnehage med klare mål for godt arbeids- og fagmiljø
- løn etter kvalifikasjonar, jfr. tariff
- god pensjons- og forsikringsordning
- tilgang til bedriftshytte på Skeikampen
- god stipendordning for etter- og vidareutdanning
- tilrettelegging for fagbrev
- lån og tilskot til kjøp av bustad
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2269609
- Sist endret
31. mars 2023
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3120065_228287_nn