Fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta - for tida natt
Hareid kommune, Eining for heimetenester
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta - for tida natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 85%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. april
Vil du vere med og skape tryggleik, trivsel og meistring for menneske som treng oss – når dagen går mot natt?
Hareid heimesjukepleie søkjer engasjerte sjukepleiarar til natt-tenesta i 85% fast stilling, med snarleg oppstart. Vi ser etter deg som ønskjer å bruke din faglege kompetanse, kliniske vurderingsevne og omsorgsfulle tilnærming for å sikre gode tenester til heimebuande og til bebuarar i omsorgsbustader.
Hos oss får du moglegheita til å vere ein sentral fagperson, med stort ansvar og gode høve til å påverke utviklinga av tenesta. Du blir ein del av eit miljø som jobbar målretta for kvalitet, kontinuitet og gode pasientforløp.
Arbeidsoppgåver
Heimetenestene i Hareid gir helsehjelp, omsorg og støtte til heimebuande og til personar i omsorgsbustadar. Vi vektlegg fagleg kvalitet, individuell oppfølging og samarbeid på tvers av faggrupper – slik at brukarane våre skal få eit trygt og verdig tilbod i eigen heim.
Arbeidsoppgåver:
- ansvar for sjukepleiefaglege vurderingar og tiltak på natt
- utføre helsehjelp i tråd med gjeldande lovverk, prosedyrar og faglege retningslinjer
- sikre god dokumentasjon i journalsystem
- rettleie kollegaer og bidra til fagutvikling
- tverrfagleg samarbeid med andre einingar og eksterne aktørar
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
- autorisasjon som sjukepleiar
- gode faglege vurderingsevner og tryggleik i sjølvstendig arbeid
- evne til å skape tillit og gode relasjonar
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- førarkort klasse B
- du må kunne jobbe turnus - kvar 3.helg
- det er krav om politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
- trygg, omsorgsfull og fagleg engasjert
- strukturert og ansvarsbevisst
- god på kommunikasjon og samarbeid
- roleg og løysingsorientert i krevjande situasjonar
- du har evne til å prioritere, ta avgjerder og gjennomføre oppgåver, og du legg vekt på personsentrert omsorg.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Stabilitet, gode verdiar og arbeidsmoral er viktig for oss. Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen.
Vi tilbyr
- 85% fast stilling i eit godt arbeidsmiljø
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- moglegheit til å påverke utviklinga av heimetenesta
- faglege utfordringar og høve til kompetanseutvikling
- lønn etter gjeldande tariffavtalar
- kurs gjennom Glup og Visma-veileder
- forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5096389649
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 05.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Sutharsiny Satheeskumar
Einingsleiar
+47 46801312
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
036a238e-52d0-456f-8f98-1eae62de2446
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aac9618c417f4b3299652c12080847a8