Ledig vikariat på helg for sjukepleiar-student
Kirurgisk klinikk/ post 4 plastikkirurgisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarstudent /sjukepleiar/helsefagarbeidar til helgestilling
Type ansettelse
Vikariat, deltid 15%
Antall stillinger
3
Kirurgisk Post 4 har ledig vikariat i helgestilling for sjukepleiarstudentar/sjukepleiar/helsefagarbeidar. Vikariata er ledig frå snarast og i inntil 1 år med mogleg forlenging.
Kirurgisk Post 4 består av to fagfelt: Plastikkirurgisk avdeling som behandlar pasientar med behov for plastikkirurgisk kompetanse i det offentlege - for eksempel rekonstruksjonar og handkirurgi og Karkirurgisk avdelinga behandlar pasientar med i hovudsak utposingar eller innsnevringar i blodåra.
Det er gode moglegheiter for vidare fast tilsetting ved Kirurgisk Post 4 etter endt utdanning.
Arbeidsoppgåver
- Hovudarbeidsoppgåver er pre- og postoperativ sjukepleie til pasientar
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Gje god omsorg for pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- Påbyrja studie innan sjukepleie/helsefagarbeidar - fullført sjukehuspraksis
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Relevant erfaring innanfor karkirurgi og/eller plastikkirurgi er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du er punktleg og påliteleg
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Siri Erstad, Avdelingssjukepleiar, 55975860Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4700456824
Stillingsprosent: 15%
Vikariat
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2446839
- Sist endret
16. oktober 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7cd95780e6c34fb699440c6b6dcd3088