53% stilling som helsefagarbeidar, natt ved Tenester for funksjonshemma
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 53%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
53 % stilling (moglegheit for 74%) som helsefagarbeidar, natt.Politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5- 4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Me har ledig fast nattevaktstilling ved Tenester for funksjonshemma Kinsarvik, Broto bufellesskap.
Stillinga er med arbeid kvar 4. helg. Moglegheiter for å øka stillingsprosenten til 74 %, då med arbeid kvar 2. helg (kompensasjonshelg med ekstra betaling). Me søkjer
primært etter helsefagarbeidar, men andre med relevant utdanning (barne- og ungdomsarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar) vert vurderte.
Om oss:
- Broto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov.
- Me driv også avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1 tilbod i eigen tilrettelagt bustad.
- Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader.
- Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
- Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.
- Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe med faglege utfordringar.
- Me yter tenester personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid
- Legemiddelhandtering
- Skapa tryggleik på natta
- Diverse praktiske oppgåver som til dømes reinhald
- Være aktiv ifht. å styrke fagmiljøet i tenesta
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me ser etter deg som:
- har gode kommunikasjonsferdigheter
- kan arbeide sjølvstendig
- har gode samarbeidsevne
- har erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa.
- Det blir lagt vekt på at du er personleg skikka til stillinga.
- Du må ha grunnleggjande datakunnskap, og du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Me tilbyr:
- Ein spennande og lærerik jobb
- Opplæring og rettleiing
- Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2921662
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3494559_193155_nn