Hopp til innhold

Assisterande seksjonsleiar

Arbeidsgiver

Voss sjukehus/ Voss Kirurgisk seksjon, Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Me er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har om lag 400 tilsette og gjev tenester til rundt 30 000 innbyggjarar – i tillegg til pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger. Her får du vere del av eit oversiktleg sjukehus der du verkeleg kan utgjere ein forskjell!

OM SEKSJONEN OG STILLINGA
Kirurgisk seksjon har eit aktivt og sterkt fagmiljø som omfattar både kirurgi og ortopedi. Me behandlar pasientar innan døgn-, dag- og polikliniske løp og kvardagen er variert med både planlagt aktivitet og øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen er tverrfagleg samansett, med høg fagleg standard og godt arbeidsmiljø.

Me søkjer assisterande seksjonsleiar i 100 % stilling. Du vil få ei sentral rolle i den daglege drifta, med ansvar for å bidra til god pasientflyt, kvalitet i tenestene og eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø. Du vert ein viktig støttespelar for seksjonsleiar og del av leiarteamet. Du får varierte og utfordrande oppgåver, og høve til å påverke utvikling i ei tid med høg aktivitet og vidare satsing.

Stillinga kan om ynskjeleg kombinerast med klinisk arbeid.

OM VOSS
Voss byr på eit unikt høve til å kombinere eit aktivt arbeidsliv med nærleik til storslått natur og eit rikt kulturliv. Her finn du både kvardagsro og store opplevingar – året rundt.


Arbeidsoppgåver

  • Dag-til-dag-styring med fokus på god økonomi, fordeling av ressursar og oppretthalde aktivitet på tvers
  • Medarbeidar-oppfylging, i samarbeid med seksjonsleiar
  • Rekruttering og kompetanseutvikling for medarbeidarar
  • Sikre kvalitet og effektivitet i pasientforløp og arbeidsprosessar
  • Legge til rette for fagutvikling, prosjekt og forsking
  • Legge til rette for oppgåvedeling
  • Legge til rette for studentar, lærlingar og elevar
  • Bemanningsplanlegging
  • Arbeide for god samhandling internt og eksternt
  • Legge til rette for godt arbeidsmiljø
  • Seksjonsleiar sin stedfortredar

Kvalifikasjonar

Ynskje om:

  • Erfaring med leiing
  • Relevant erfaring frå klinisk verksemd
  • Erfaring med IT-system nytta i helsetenesta
Krav om:
  • Helsefagleg utdanning
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg godt
  • IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar

Du må
  • ha evne til å ta eigarskap til rolla som assisterande seksjonsleiar og ansvar på tvers av profesjonar i eigen seksjon 
  • ha god organisasjonsforståing og evne til strategisk tenking
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og bidra til gode relasjonar i eiga eining, på tvers av faggrupper (team) og nivå i organisasjonen
  • ha evne til å jobbe systematisk
  • vere god på beslutning og gjennomføring
  • vere fleksibel
  • vere resultatorientert
  • vere engasjert, ha evne til å engasjere og involvere tilsette
  • ha gode pedagogiske evner
  • vere lojal mot beslutningar i leiargruppa

Me tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Me kan hjelpe deg med å skaffe bustad
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar, 97711192

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5129296263
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Ranveig Herheim Knapstad

Seksjonsleiar

97711192

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0332dd65-da2f-4a72-9feb-02e778fcdcbc

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3976b950c80d46d989a734b1bb322fef

Lignende annonser

Laster lignende annonser