Vil du jobbe innan digitalt politiarbeid i sivil stilling (IT)?
FEFE - Avsnitt for digitalt politiarbeid, Møre og Romsdal politidistrikt
Strandgata 2, 6415 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Vil du jobbe innan digitalt politiarbeid i sivil stilling (IT)?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. mai
Avsnitt for digitalt politiarbeid søkjer deg som ønsker å bidra til å styrke politiet sin kapasitet på datatekniske undersøkingar og digital sporsikring. Vi har ledig ei sivil datateknisk stilling.
Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. Vi søker deg som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell, og som kan tenke seg å inngå i eit kreativt og høgt kompetent fagmiljø av spesialister med både politi- og sivil bakgrunn i Møre og Romsdal politidistrikt.
Avsnitt for digitalt politiarbeid har som primæroppgåve å utføre datatekniske undersøkingar for politiet i samband med straffesaker, samt å gjennomføre avansert innsamling, analyse og dokumentasjon av digitale spor i heile Møre og Romsdal. Som ein del av avsnittet vil du gjennom å bruke di digitale kompetanse vere med på å etterforske alvorlege straffesaker.
Vi har eit tett samarbeid med nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) på KRIPOS, og deltar også inn i nasjonale fagfora.
Stillinga er stadsplassert i Molde og er underlagt felles eining for etterforskning, førebygging og etterretning (FEFE) i Møre og Romsdal politidistrikt. Noko reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Sikring, analyse og tilrettelegging av digitale spor frå ulike lagringsmedier og sporstader
- Bruk av internett som etterforskningsarena
- Halde seg oppdatert innanfor sitt fagfelt gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
- Yte bistand til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt
- Opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
- Vere ein ressursperson og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
- Oppgåver innan systemdrift av interne datasystem
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Eksamen frå relevant høgskule eller universitet innan fagfeltet, eller fagbrev og lang relevant datateknisk erfaring
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Kandidatar som ikkje har gjennomført politihøgskulen sitt studie NCFI nivå 1 og 2 A innan digital forensics, må gjennomføre desse studia etter tilsetting, minimum modulane "Core Concepts" og "Advanced Computer Forensics"
- Pårekne å kunne måtte gjennomføre andre studier/kurs innan politimynde og etterforsking
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Politihøgskulen sitt studie NCFI 1 og NCFI 2A innan digital forensics
- Anna høgare utdanning innan datatekniske undersøkingar
- Erfaring med sikring og analyse av digitale spor
- Erfaring frå politiet
- Fortruleg med både Linux, Mac og Windows
- Kunnskap om nokre av områda: Programmering / scripting, operativ-og filsystemer, android / iOS, nettverks- og / eller trådlausteknologi, reverse engineering, kryptering, drift av servermiljø, herunder virtualisering.
Personlege eigenskapar
- Nysgjerrig på ny teknologi
- Løysings- og utviklingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- God gjennomføringsevne
- Omgjengeleg og ein god relasjonsbyggar
Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du av å være modig og helheitsorientert, du viser respekt og er tett på. Vi jobbar saman for fellesskapet sitt beste i tråd med lover, regler og våre verdier. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform og i våre etiske retningslinjer.
Samansetning av teamet og at ein er personleg eigna vil bli særleg vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Eit solid fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt som spesialetterforskar (SKO 1552)
- Lønn frå kroner 640 000 til kroner 750 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønn bli vurdert
- I tillegg godtgjersle etter gjeldande ATB
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av løna til SPK
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
- Mogelegheit til trening i arbeidstida
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Ole Ivar Nybø, Seksjonsleiar, 48 88 72 35Linn Breivik Erstad, Driftseiningsleiar, 92813729
Arbeidssted
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4954909899
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 20.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Ole Ivar Nybø
Seksjonsleiar
48 88 72 35
Linn Breivik Erstad
Driftseiningsleiar
92813729
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2933945
- Hentet fra
talentech
- Referanse
db8867761e614d3092aa24cf0d10dbf0