Fjellstrand søker trainee: Elektroingeniør
Framtidsfylket AS
Omavegen 225, 5632 Omastrand
Om jobben
Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. mars
- Design og utvikling av system innan elektro, automasjon, navigasjon og kommunikasjon.
- Oppfølging av leverandørar og produksjon frå idé til ferdig produkt.
- Utarbeiding og oppbygging av 3D-produktmodellar.
Du vil jobbe i tett samarbeid med kollegaer og eksterne fagmiljø som NTNU og Sintef. Med vårt breie prosjektutval får du erfaring frå ulike typar fartøy, offshore-installasjonar og havbruksløysingar. I Fjellstrand får du vere ein del av eit lite, men sterkt fagmiljø som er ISO-sertifisert og kjent for å levere kvalitet.
Me er stolte av å vere ein del av den maritime grønskiftet, med prosjekt som spenner frå "state of the art"-fartøy til ombyggingar av forsyningsskip og nyvinningar innan batteriteknologi. Sist men ikkje minst vil me ta i bruk robotisering for å styrke kapasiteten og ta på oss meir komplekse prosjekt.
Kva du kan forvente hjå oss- Eit støttande og sosialt miljø: Me er eit tett team som bryr oss om kvarandre, og som set pris på å løyse utfordringar saman.
- Utviklingsmoglegheiter: Me legg til rette for kurs og kompetanseheving, i tillegg til eit arbeidsmiljø som utfordrar og inspirerer deg.
- Ein arbeidsplass med hjarte for berekraft: Me nyttar resirkulerbare materialar som aluminium og tek miljøansvar i produksjonen.
- Litt ekstra kvardagsglede: Kaffi i særklasse og spontane turar i fjella rundt Omastrand er berre noko av det du kan glede deg til.
Omastrand er den perfekte plassen for deg som verdset balanse mellom arbeid og fritid. Med fjord og fjell som nærmaste naboar har du uendelege moglegheiter for friluftsliv, vassport, kulturarrangement og rolege stunder i vakre omgjevnader.
Bli med oss i Fjellstrand og bidra til å forme framtida for maritim innovasjon! Søk i dag!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogramÅ starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814848
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
bceef39d-7c7a-44a5-847d-8c5bdae25545