Kvalitetsansvarleg/statsautorisert rekneskapsførar
Ask Administrasjon As
Hamnegata 20, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Ask Administrasjon AS er eit lite selskap som tilbyr rekneskapstenester og rådgjeving til små bedrifter. Vi treng fleire kloke hovud. Som medlem i Regnskap Norge og Norges Bondelag vil vi sikre god fagleg støtte, slik at kundane får tenester som er best tilpassa deira behov.
Stillingstittel
Regnskapsrådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. mai
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi ser etter ein statsautorisert rekneskapsførar som
-
har erfaring med årsoppgjer/skattemelding for ENK og AS
-
er interessert i kvalitetsarbeid og vil bidra til fagutvikling
-
har god systemforståing og brukarerfaring frå fagsystem
-
toler travle periodar og er påpasseleg med tidsfristar
-
er opptatt av gode relasjonar til kundar og kollegaer
-
er sjølvstendig, men også ein god lagspelar
-
har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personar med anna økonomiutdanning og erfaring frå rekneskapsarbeid er velkomne til å søkje. Stillingsinnhaldet vil då bli justert i høve krava i lovverket og få vekt på kvalitets- og fagsystemarbeid, samt administrasjon generelt.
Arbeidsoppgaver
Stillinga vil ha eit særleg ansvar for evaluering, utvikling og oppfølging av selskapets kvalitetssystem, samt oppdragsansvar for delar av kundeporteføljen.
Rekneskapsbransjen er i stadig utvikling og vi treng ein person med fagleg interesse for at tenestene held høg kvalitet, samstundes som vi er i takt med tida. Dette medfører at stillinga har medansvar for å følgje opp alle fagsystem og arbeidsrutinar i selskapet, saman med dagleg leiar.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
-
spanande og varierte arbeidsoppgåver
-
fagleg påfyll gjennom etterutdanning, kurs og konferansar
-
eit godt, lærande arbeidsmiljø
-
bra kontorfasilitetar i Norsk Innovasjonssenter
-
fleksitidsordning og løn etter avtale
Arbeidsstaden er Volda - i hjartet av Søre Sunnmøre - med fjordar, fjell og eit rikt kultur- og næringsliv.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ask Administrasjon AS er eit lite autorisert rekneskapsselskap i Volda og som tilbyr rekneskapstenester, administrative tenester og rådgjeving til små bedrifter. Vi starta verksemda i 2020 ved å vidareføre tenester for norsk landbruk som vart starta opp i Agro Data i 1986. Agro Data var medansvarleg for utvikling av norsk standard kontoplan for landbruket. No har vi auka etterspurnad om oppdrag frå fleire og ulike bransjar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2934178
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
02dfda04-ad50-4165-9d4a-8fbc67376c05