Hopp til innhold

00% fast stilling som kokk med fagbrev / kjøkenhjelp

Arbeidsgiver

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Sted

Lom

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Kokk
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Frå 01.03.2026 er det ledig ei 100% fast stilling som kokk med fagbrev / kjøkenhjelp på kjøkenet ved Lom helseheim.

Kjøkenet på Lom helseheim er ikkje berre ein stad for matlaging, men også ein viktig del av fellesskapet, der mat og omsorg går hand i hand for å skape ein god og meiningsfull kvardag for bebuarane.

Arbeidsoppgåver

  • tilberede måltid til institusjon, dagsenter for heimebuande personar med demenssjukdom, matombringingstenesta og elles aktivitetar på institusjon

  • kantine- og cateringverksemnd

Dagvakter med arbeid 4. kvar helg.

Vi ser etter deg som:

  • er kokk m/fagbrev eller har relevant kompetanse

  • initiativrik, har engasjement og erfaring med matlaging

  • personleg eigna for stillinga

  • har godt humør, evne til å skape god relasjonar og godt samarbeid, er fleksibel og kan jobbe godt i team og sjølvstendig

  • har grunnleggjande datakunnskapar

Du må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr ein spennande og triveleg arbeidsplass med stort fag- og brukarfokus og stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet.

Les meir om kjøkenet på Lom helseheim

Er du den vi søkjer etter?

Da vil vi gjerne høyre frå deg!

Om bedriften

Kjøkenet på Lom helseheim er eit sentralt og aktivt miljø der matlaging er meir enn berre tillaging av måltid -- det er ein del av omsorgstilbodet. Her blir det laga næringsrike og smakfulle måltid til bebuarane, med særleg vekt på lokale råvarer og tilpassa kostbehov.

Kjøkenet er bemanna med fagpersonell, inkludert kokk med fagbrev, og har ansvar for å laga mat til både langtids- og korttidsopphald, dagsenter for heimebuande personar med demens, samt matombringingstenesta. I tillegg har dei kantine- og cateringverksemd.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

02bbfbb4-2aac-47f4-8530-635ad3fe7e6f

Sist endret

5. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

02bbfbb4-2aac-47f4-8530-635ad3fe7e6f

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Spiterstulen Turisthytte

Sted

Lom