Maskinsjef ressursgruppe Romsdalen, p.t. MF Eira
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6416 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinsjef ressursgruppe Bolsøy/Veøy
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vårt mål er å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 søker etter 2 dyktige og engasjerte maskinsjefar til ressursgruppe for tilsyn og rutedrift for turistferjene Bolsøy og Veøy.
Fjord1 ser etter deg som er fleksibel, og det kan bli aktuelt å tenestegjere på Fjord1 sine ferjer i opplagssesongen. I tillegg er det ønskeleg med erfaring frå turistsegmentet.
Oppstart vil bli november 2025.
Skiftordning: 2 veker på og 2 veker fri.
I denne stillinga får du jobbe med dyktige og kjekke kollegaer i ei bedrift med gode karrieremoglegheiter.
Ein flott jobb å kombinere med familie og fritid.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3 sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og DNMF
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
6416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5007823078
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
029a89c9-b745-4096-bb25-a35307dc2dba
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6e41ac5731334a74a54c703e02cde358